Ordførar med innsiktsfullt foredrag om kommuneøkonomi og beredskap
Ulstein Rotaryklubb fekk måndag 19. mai besøk av ordførar Stian Skorgen Scheide, som heldt eit engasjerande og innsiktsfullt foredrag om tilstanden og utviklinga i Ulstein kommune – med særleg vekt på økonomi, demografi og beredskap.
Ordføraren informerte forsamlinga om dei økonomiske realitetane kommunen står i, med særleg fokus på perioden 2016–2025. Gjennom ei sektorvis oversikt synte han korleis utgiftsbehovet har utvikla seg, og kva område som legg størst beslag på budsjettet. Grunnskule og pleie og omsorg er dei to største utgiftspostane – ein trend som ser ut til å halde fram i åra som kjem.

Scheide løfta og fram utfordringane knytt til befolkningsutviklinga, og viste til framskrivingar heilt fram til 2035. Det vart peika på korleis endringar i alderssamansetting påverkar behovet for tenester, og korleis ein veksande del eldre i befolkninga vil stille høgare krav til kommunen si evne til å levere helse- og omsorgstenester.
For barn og unge kunne ordføraren vise til at det vert forventa vekst dei komande åra, noko som vil krevje auka kapasitet og ressursar i både barnehage og skule.
I tillegg var beredskap eit viktig tema. Scheide understreka behovet for robust planlegging og førebuing, og korleis kommunen jobbar for å stå best mogleg rusta i møte med uforutsette hendingar.

Foredraget vart godt motteke blant dei frammøtte, og det var tydeleg at ordføraren sitt engasjement og kunnskap skapte refleksjon.

Ordførar Stian Skorgen Scheide og tidligere President Stig Ole Borgundvåg.
Ulstein Rotaryklubb takkar for besøket, og ser fram til vidare dialog og samarbeid med kommunen.
Bilete: Synnnøve Riise
13. februar 2023
Hødd i 2023
Trenarane Joakim Dragsten og Ørjan Heiberg fortalde om visjonane dei har med Hødd til komande sesong.
6. februar 2023
Nye Ulsteinvik Barneskule
Godt oppmøte for foredrag og omvisning holdt av Karen Strand (Rektor).
30. januar 2023
HAV Hydrogen
Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.
24. januar 2023
Bedriftsbesøk - Jets Vacuum
Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.
9. januar 2023
Kaffimøte
Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.
12. desember 2022
Båtbesøk - SMARAGD
Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.
26. november 2022
Julegilde 2022
Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande