Ordførar med innsiktsfullt foredrag om kommuneøkonomi og beredskap
Ulstein Rotaryklubb fekk måndag 19. mai besøk av ordførar Stian Skorgen Scheide, som heldt eit engasjerande og innsiktsfullt foredrag om tilstanden og utviklinga i Ulstein kommune – med særleg vekt på økonomi, demografi og beredskap.
Ordføraren informerte forsamlinga om dei økonomiske realitetane kommunen står i, med særleg fokus på perioden 2016–2025. Gjennom ei sektorvis oversikt synte han korleis utgiftsbehovet har utvikla seg, og kva område som legg størst beslag på budsjettet. Grunnskule og pleie og omsorg er dei to største utgiftspostane – ein trend som ser ut til å halde fram i åra som kjem.

Scheide løfta og fram utfordringane knytt til befolkningsutviklinga, og viste til framskrivingar heilt fram til 2035. Det vart peika på korleis endringar i alderssamansetting påverkar behovet for tenester, og korleis ein veksande del eldre i befolkninga vil stille høgare krav til kommunen si evne til å levere helse- og omsorgstenester.
For barn og unge kunne ordføraren vise til at det vert forventa vekst dei komande åra, noko som vil krevje auka kapasitet og ressursar i både barnehage og skule.
I tillegg var beredskap eit viktig tema. Scheide understreka behovet for robust planlegging og førebuing, og korleis kommunen jobbar for å stå best mogleg rusta i møte med uforutsette hendingar.

Foredraget vart godt motteke blant dei frammøtte, og det var tydeleg at ordføraren sitt engasjement og kunnskap skapte refleksjon.

Ordførar Stian Skorgen Scheide og tidligere President Stig Ole Borgundvåg.
Ulstein Rotaryklubb takkar for besøket, og ser fram til vidare dialog og samarbeid med kommunen.
Bilete: Synnnøve Riise
3. januar 2021
Vårens Program frå Dagfinn Olav Bye
Siste oppdatering: Vi starter opp igjen med møteaktivitet f.o.m. 15 mars 2021.
Vårens spennande program i Ulstein Rotaryklubb er no klart.
Møtene i starten av året måtte vi dessverre avlyse grunnet gjeldende nasjonale korona-restriksjoner.
14. desember 2020
Årsmøte med årsmelding 2019/2020
Årsmøte med orientering om rekneskapet av Synnøve Riise
Årsmelding med Past President Bjørn Gunnar Tafjord.
7. desember 2020
Yrkesforedrag med Johannes "Bassa" Kristian Bjøringsøy
Fortalde om oppvekst, utdanning og ikkje minst den fantastiske historien om firmaet sitt Sebastian AS
30. november 2020
Kaffimøte med gode kaker og kaffi til den gode samtalen.
Lidun orienterte frå styremøtet, spesielt om Rotaryhagen i Holsekerdalen, årsmøtet 14.12. og juleavslutninga 18.12.
Otto Kjetil hadde 10 min der han snakka først og fremst om manndomsprøva med selfangst i ishavet i ungdomstida.
23. november 2020
Øystein Orten: Krigshistorier
Forfattar Øystein Orten med engasjert og levande historieforteljing om krigen.
16. november 2020
Ordførar Knut Erik Engh var på besøk og presenterte kommune - versjon 3.0: frå formynderi til fellesskap.
Eit engasjert foredrag om korleis kommunen vår skal drivast i framtida.
2. november 2020
Yrkesforedrag - Arnfinn Godø
Yrkesforedrag med Arnfinn Godø som orienterte oss om en allsidig utdannelse og yrkeserfaring.
Pastpresident Bjørn Gunnar Tafjord leda møtet og takka for ein lærerik kveld.
26. oktober 2020
Presidentens time / Kaffemøte
President Lidun Hareide orienterte om Polio aksjonen på Laurdag med salg av pins.
Rune Ulfstein hadde fem minutt om historia til huset sitt og bedrifter i nabolaget i gamle dagar. Lærerikt om første handlegata i Ulstein
24. oktober 2020
Ulstein Rotary markerer Poliodagen 2020
Vi hadde i år innlegg i lokalavisa, en større digital markering på Facebook med video og ulike innlegg, samt stand på Ulstein Arena 24 oktober der vi samlet inn penger til Polioaksjonen.
Gi ditt bidrag på VIPPS-nummer : 562340