Past President Lidun Hareide overlet roret til President Thor Martin Eidem.
Det var lagt
opp til rekecruise med Hindholmen, der klubben spanderte reker m.m., og
medlemmane hadde med seg drikkevarer.
Det vart ein flott tur frå Ulsteinvik og ut til Grasøyane fyr og tilbake. Det var fint ver, så ein kunne sitje ute og nyte utsikta, naturen og sjølufta.
Ved
Grasøyane fyr vart presidentskiftet gjennomført. Lidun Hareide vart takka av som president
etter eit år der klubben har fått til mykje, og Thor Martin Eidem overtok som
president for det neste året med gode prosjekt å arbeide vidare med.
Det tilbakelagde året har vore eit bra år for Ulstein Rotary. Mesteparten av året har det vorte gjennomført møte med gode program og fleire prosjekt som er sette i gong. Døme på gode prosjekt som klubben har fått vedtatt/sett i gong er, eigne vedtekter, Rotary – hagen i Holsekerdalen, og surstoffdonasjon til Mombai/India. Det er også muleg at Rotary-klubben i Mumbai og Ulstein Rotary-klubb kan verte vennskapsklubbar/samarbeide som t.d. Global Grant.
Referat: Eldrid Vik (Sekretær) /Bilder: Jan Einar Saunes & Stig Ole Borgundvåg
26. mai 2025
Ulstein Rotary Klubb heldt medlemsmøte måndag 26. mai 2025, der fleire viktige saker vart drøfta og vedtekne. Møtet markerte starten på avslutninga av Rotary-året 2024/2025 og førebuingane til det komande året.
19. mai 2025
Ulstein Rotaryklubb fekk måndag 19. mai besøk av ordførar Stian Skorgen Scheide, som heldt eit engasjerande og innsiktsfullt foredrag om tilstanden og utviklinga i Ulstein kommune – med særleg vekt på økonomi, demografi og beredskap.
19. mai 2025
Leiv Arne Grimstad, en erfaren fjellvandrer og forfatter, delte inspirerende opplevelser fra sine pilegrimsvandringer i flere europeiske land, inkludert Norge, Island, Skottland, Frankrike, Spania og Italia.
28. april 2025
Ulstein Rotaryklubb hadde gleden av å besøke Sporstøl Arkitekter, hvor daglig leder Ingvill Arhaug Bovill, sammen med Kristian Sporstøl og Arnfinn Sporstøl, presenterte firmaets imponerende prosjekter.
7. april 2025
Denne kvelden fekk medlemmane i Ulstein Rotaryklubb høyre ei grundig og tankevekkande presentasjon om Sivilforsvaret si rolle i Noreg.
31. mars 2025
Måndag 31. mars 2025 samla Ulstein Rotaryklubb seg til eit kaffimøte på Ulstein Hotell, leia av president Thor Martin Eidem. Med godt frammøte og ei aktiv forsamling, vart det ein kveld fylt med viktige diskusjonar og planar for framtida.
17. mars 2025
Foredrag av Rotary-medlem Johan Ottesen, som har skrive om slaget ved Hjørungavåg i boka *The Jomsviking Battle*. Johan Ottesen har presentert ulike teoriar om kvar slaget fann stad.
10. mars 2025
Ulstein Rotary hadde nyleg eit møte der temaet var svindel og økonomisk tryggleik. Møtet vart halde i det moderne bygget Millenium på Hareid. med Ellen Kvalsund
10. februar 2025
På kveldens møte hadde vi den æra å høyre Yrjar Garshol fortelje om sitt engasjement for Ukraina gjennom organisasjonen Fritt Ukraina. I over to år har Yrjar vore ein aktiv deltakar i dette viktige arbeidet, som har som mål å støtte det ukrainske folket i
3. februar 2025
Ulstein Rotaryklubb samla seg til eit innhaldsrikt møte på Ulstein Hotell, der godt frammøte vitna om stor interesse for kveldens tema. Kjell Olav Kleppe tok forsamlinga med på ei eventyrleg reise til Antarktis .