Past President Lidun Hareide overlet roret til President Thor Martin Eidem.
Det var lagt
opp til rekecruise med Hindholmen, der klubben spanderte reker m.m., og
medlemmane hadde med seg drikkevarer.
Det vart ein flott tur frå Ulsteinvik og ut til Grasøyane fyr og tilbake. Det var fint ver, så ein kunne sitje ute og nyte utsikta, naturen og sjølufta.
Ved
Grasøyane fyr vart presidentskiftet gjennomført. Lidun Hareide vart takka av som president
etter eit år der klubben har fått til mykje, og Thor Martin Eidem overtok som
president for det neste året med gode prosjekt å arbeide vidare med.
Det tilbakelagde året har vore eit bra år for Ulstein Rotary. Mesteparten av året har det vorte gjennomført møte med gode program og fleire prosjekt som er sette i gong. Døme på gode prosjekt som klubben har fått vedtatt/sett i gong er, eigne vedtekter, Rotary – hagen i Holsekerdalen, og surstoffdonasjon til Mombai/India. Det er også muleg at Rotary-klubben i Mumbai og Ulstein Rotary-klubb kan verte vennskapsklubbar/samarbeide som t.d. Global Grant.
Referat: Eldrid Vik (Sekretær) /Bilder: Jan Einar Saunes & Stig Ole Borgundvåg
7. juni 2020
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb 26 April 1963
26. mai 2020
Påtroppende leder for programkomiteen 2020/2021 - Dagfinn Olav Bye, fekk inn mange gode idear til spanande programpostar for hausten 2020, og fleire aktivitetar er allereie booka.
18. mai 2020
Vårt første møte etter at koronaviruset stengte ned Norge 12 mars 2020.
President Bjørn Gunnar Tafjord informerte om sakene fra siste styremøtet, samt vi fekk innblikk i vårt mulige neste spanande lokale prosjekt - i samarbeid med Ulstein kommune!
12. mai 2020
Vi får endelig starte opp igjen, og vil arrangere møtene iht gjeldende smittevernregler.
Vi gler oss til Presidentens time!
14. mars 2020
Bilder av våre 18 første presidenter dukket opp i et album som tilhørte Bjarne Reite - Ulstein Rotaryklubb sin første president (1963-64)
12. mars 2020
På grunn av dei smittevern-restriksjoner som blei innført i Norge i dag - 12 mars 2020, så innstilles fysiske møter i Ulstein Rotary inntil videre.
Vi håper alle på at dette blir kortvarig!
9. mars 2020
Besøk av Birgitte Fondevik og Magne Grimstad jr.som fortalte om prosjektet og det mangfaldige arbeidet ekteparet driv i den vesle byen Himo ved foten av det høgste fjellet i Afrika, Kilimanjaro i Tanzania.
24. februar 2020
Daniel Garden fortalde om det nye Ulstein Næringsforum.
Ulstein Næringsforum er ei foreining for næringslivet i Ulstein kommune som skal fremje Ulstein som eit regionsenter for næringsliv, reiseliv og handelsstand.
18. februar 2020
Rotaryklubbene i Ulstein og Volda fekk en flott presentasjon av Høgskulen i Volda av rektor Johann Roppen.
Heile presentasjonen kan du lese her.