Web Analytics Made Easy - StatCounter

MEDLEMSPRESENTASJON - HEGE LONGVA

Hege Charlotte Longva heldt eit særs interessant medlemspresentasjon som omfatta både familiebakgrunn, utdanningsløp, fritidsinteresser og si satsing på appen NOA (Notice of Attendance).

Denne appen blir per dato i hovudsak nytta i høgare skulenivå, der kundemassen er i stadig vekst. Dette har Hege jobba med ved sidan av jobb i 4 år og 100% det siste året. Den har fått god utteljing så langt og selskapet har ambisjon om å bli langt større, med utviding mot privat sektor. Ho skryt av gode medarbeidarar og støttande investorar som har vore med på å gjere denne suksessen mogeleg.

Vedlagt presentasjon


Hege presenter NOA


Hege veit å nyte det gode liv


Presidenten takkar klubbmedlem Hege for spennande foredrag

President Stig Ole Borgundvåg ga oss ein forsmak av neste møte som skal handle om kunstig intelligens (AI). Han viste eit bilete av Ulsteinvik sentrum sett frå sjøen og teikna inn både skyskraparar, utviding av eksisterande bygg, vindmøller og cruisebåtar etter AI sine forslag i Adobe sin nye betaversjon. Dette var både fasinerande og skremmande på same tid.
 




Forsmak av framtida med AI, kan vi framleis stole på det vi ser og høyrer?

 Gladmeldingar/informasjon:

·       2 hospitantar ønsker å bli tatt opp som fullverdige medlemmar i klubben: Monica Småge Skeide og Steven Pushparajah Karunasamy. Seremoni planlagt på krabbefesten 29.09.23.

·       Ulstein Rotaryklubb har fått oppdrag med strandrydding i området Ulstein/Flø med eit kjærkome bidrag til klubbkassa på kr. 7.500,-. Vi finn ein laurdag med godt ver til denne aktiviteten.

·       Presidenten minte om utsendt teaser knytt til planlagt krabbefest i Kjelsvika i Gursken 29. september. Bindande påmeldingsfrist: 22.09.23.

·       Det blir ein spennande valkveld for ikkje mindre enn 5 av våre medlemmar som står på kandidatlister i kommunevalet. Lykke til!




Vi ønsker velkommen til Monica Skeide Småge og Steven Pushparajah Karunasamy.




 
Borgarøya saman med Herøy Rotary + Presidentskifte

27. juni 2005

Borgarøya saman med Herøy Rotary + Presidentskifte

Bilder: Njål Vikanes

Rotarytur til Trandal

9. mai 2002

Rotarytur til Trandal

Bilder: Njål Vikanes

Charterfesten 26 April 1963

26. april 1963

Charterfesten 26 April 1963

Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...