Hege Charlotte Longva heldt eit særs interessant
medlemspresentasjon som omfatta både familiebakgrunn, utdanningsløp,
fritidsinteresser og si satsing på appen NOA (Notice of Attendance).
Denne appen blir per
dato i hovudsak nytta i høgare skulenivå, der kundemassen er i stadig vekst.
Dette har Hege jobba med ved sidan av jobb i 4 år og 100% det siste året. Den
har fått god utteljing så langt og selskapet har ambisjon om å bli langt
større, med utviding mot privat sektor. Ho skryt av gode medarbeidarar og
støttande investorar som har vore med på å gjere denne suksessen mogeleg.
Hege presenter
NOA
Hege veit å nyte det gode liv
Presidenten
takkar klubbmedlem Hege for spennande foredrag
President Stig Ole
Borgundvåg ga oss ein forsmak av neste møte som skal handle om kunstig
intelligens (AI). Han viste eit bilete av Ulsteinvik sentrum sett frå sjøen og
teikna inn både skyskraparar, utviding av eksisterande bygg, vindmøller og
cruisebåtar etter AI sine forslag i Adobe sin nye betaversjon. Dette var både
fasinerande og skremmande på same tid.
Forsmak av framtida med AI, kan vi framleis stole på det vi ser og høyrer?
Gladmeldingar/informasjon:
·
2 hospitantar ønsker å
bli tatt opp som fullverdige medlemmar i klubben: Monica Småge Skeide og Steven
Pushparajah Karunasamy. Seremoni planlagt på krabbefesten 29.09.23.
·
Ulstein Rotaryklubb
har fått oppdrag med strandrydding i området Ulstein/Flø med eit kjærkome
bidrag til klubbkassa på kr. 7.500,-. Vi finn ein laurdag med godt ver til
denne aktiviteten.
·
Presidenten minte om
utsendt teaser knytt til planlagt krabbefest i Kjelsvika i Gursken 29.
september. Bindande påmeldingsfrist: 22.09.23.
·
Det blir ein spennande
valkveld for ikkje mindre enn 5 av våre medlemmar som står på kandidatlister i
kommunevalet. Lykke til!
Vi ønsker velkommen til Monica Skeide Småge og Steven
Pushparajah Karunasamy.
23. september 2019
Kjekk dugnad på Bugardshuken og Lisjevatnhuken
Sjå video og bilder!
22. september 2019
Vårt Rotary distrikt (2305) som omfattar Innlandet fylke, Sunnmøre og Romsdal, hadde distriktskonferanse på Øyer helga 20. – 22. september
19. september 2019
Håper at alle i Ulstein vil sette pris på monumentet som symboliserer breddeidretten i Hødd gjennom 100 år.
17. september 2019
Litt støping/sikring i fundament, samt montering av lys gjenstår.
Med andre ord; Veldig snart klart for avduking!
16. september 2019
Årets møte inkluderte Rotaryklubbene i Ulstein, Hareid og Herøy.
10. september 2019
Høddmonumentet fagmessig sveisa av Per Ødegård og
Hallbjørn Leirvik
Dette blir vakkert !
9. september 2019
Bord og benkar vart pussa og beisa, og taket vart også ferdigstilt med en fin takrenne.
Skiltet vart også olja.
2. september 2019
Informasjon fra styremøte, presentasjon av årets styre og dei ulike komiteene.
26. august 2019
Eit framifrå foredrag om sin karriere som keepertrener, og hans syn på trenar-rolla.
20. august 2019
Det er inngått partnerskap mellom Rotary International og Institute for Economics and Peace.