Kjekk omvisning på Kvitneset kystfort saman med Hareid Rotaryklubb
President
Idar Flø i Hareid Rotaryklubb takka den informative guiden Sigurd Eliassen som
engasjert fortalde historia bak det tyske kystfortet som kontrollerte
innseglinga til Ålesund under andre verdenskrig.
24. september 2018
Past President Synnøve Riise takkar Unni Takseth for eit gjevande kåseri om dugnadsånda i dagens travle samfunn. Avslutningsvis las ho dikt om freistande frukter i Edens hage.
10. september 2018
Lisjevatnhuken ferdig i kveld rett før vi mørkna ute. Bord, benkar og steingolv vart fint.
Topp arbeidslyst med god kaffi og vafler til.
3. september 2018
Lisjevatnhuken dugnad i kveld med legging av heller.
God kaffi og kaker fra Turid og Voitto.
27. august 2018
Foredrag med Gerd Vik Flø om barneheimen Suwalkis Venner og overrekking av overskot frå lotteriet forrige møte.
20. august 2018
Inviterer til kaffimøte måndag 20.08.18 kl. 19:00-20:00 på Quality Ulstein Hotell.
Program:
Deling av gode ferieminner
Forventingar til det nye året
Vinlotteri til inntekt for Suvalkis Venner.
3. juli 2018
Nok ein vellukka dugnad med beising, ny takrenne, møbelmontering og hellesanking. I matpausa vanka det nybakt kveitekringle a la Gro Brandal!
25. juni 2018
Då takkar president 2017/2018 -Synnøve Riise - for eit kjekt og berikande Rotary år og overlet stafettpinnen til Finn-Ove Kvalsvik. Lykke til!
18. juni 2018
Fast monterte benkar med bord.
God stemning i dugnadsgjengen og President Synnøve serverte kaffi med gode wienerbrød.
11. juni 2018
Gapahuk Lisjevatnet ferdig og riggar fint. Dugnad på benkar og steinlegging står att.
Dette vart flott og gav god livd for nordavinden.
Høg motivasjon og god stemning i Dugnadsgjengen.