Web Analytics Made Easy - StatCounter

Årsmøte med årsmelding 2019/2020


Past President Bjørn Gunnar Tafjord med årsmelding fra Rotaryåret 2019/2020 (LINK)

Årsmøtesaker

Lidun vart vald som møteleiar.

Sak 1: Godkjenning av møteinnkalling og sakliste  - einstemmig godkjent

Sak 2: Val av 2 personar til å skrive under på årsmøteprotokollen – Arnfinn Godø og Ingunn Hestnes – einstemmig valde

Sak 3: Styret si årsmelding frå førre rotatyår – Bjørn Gunnar Tafjord la fram årsmeldinga – einstemmig godkjent

Sak 4: Rekneskap/resultatrekneskap pr 30.06. – Synnøve Riise presenterte rekneskapet for 2019 – 2020  -  einstemmig godkjent

Sak 5: Val av innkomande president – Thor Martin Eidem einstemmig vald. Thor Martin la fram plan for innkomande styre

Sak 6: Val av resterande styre og tillitsverv for neste år

Stig Ole Borgundvåg – attvald som CICO-ansvarleg, ansvarleg for heimeside

Jan Einar Saunes – attvald som ansvarleg for utlegg på facebook

Synnøve  -  attvald som kasserar

Ingunn Hestnes – vald som sekretær

Kjell Olav Kleppe ble også vald som innkomande president for 2022/2023

Stig Ole har sagt seg villig til å vere president etter Kjell-Olav (2023/2024).

Sak 7:  Forslag til vedtekstendring (vert handsama på ekstraordinært årsmøte 15.02.2021. Vedtektene vert lagt ut til gjennomsyn 3 veker før årsmøtet

Sak 8: Andre saker og forslag som styret meiner årsmøtet skal behandle -  ingen saker lagt fram frå styret. Spørsmål frå Bjørn Gunnar om det kunne verte fusjon mellom Rotary og Inner Wheel. Ikkje interesse for dette. Personar som skal verte medlem i Rotary, må verte det på individuelt grunnlag.

Full semje om at Ulstein kommune må verte flinkare til å framheve Ulstein Rotary i omtale av t.d. gapahukane og andre ting som Rotary har vore med på å få til.

Lidun tek kontakt med Vikebladet for å få dei til å skrive om Ulstein Rotary og det Rotary har vore med på å få til i juleutgåva av Vikebladet.

Sak 8: Andre innkomne saker som er handsama og godkjende av styret – ingen saker

Referat: Eldrid Vik / Bilder: Jan Einar Saunes / Web: Stig Ole Borgundvåg


Fra venstre: Kjell Olav Kleppe (Innkommende president 2022/2023), Thor Martin Eidem (Innkommende president 2021/2022), Lidun Hareide - PRESIDENT 2020/2021 og Bjørn Gunnar Tafjord (Past president 2019/2020)


Kasserer Synnøve Riise presenterer rekneskapet.



 
Dugnad på Lisjevatnhuken i kveldsol og frisk nordavind.

4. juni 2018

Dugnad på Lisjevatnhuken i kveldsol og frisk nordavind.

Idar Overvåg hjalp til på dugnaden som representant fra Skeide Grunneigarlag.
Dette byrjar å rigge pent i landskapet.

Det ble servert god kaffi med kaker, som seg hør og bør!

Dugnad på Lisjevatnhuken i kveld.

28. mai 2018

Dugnad på Lisjevatnhuken i kveld.

Godt arbeid med kaker og kaffi.
Nydelig ver og god stemning.

Dugnad på Gapahuken ved Lisjevatnet.

14. mai 2018

Dugnad på Gapahuken ved Lisjevatnet.

Dugnad på Gapahuken ved Lisjevatnet.
God stemning med kaker og kaffi

Særs lærerikt foredrag om BDO, skattereglar 2017/2018

16. april 2018

Særs lærerikt foredrag om BDO, skattereglar 2017/2018

Presidenten takkar for eit særs lærerikt foredrag om BDO, skattereglar 2017/2018 og korleis vi skal handtere sjølvmeldinga digitalt. Økonomi i klartekst v/Thor Martin Eidem!

Be the inspiration!

9. april 2018

Be the inspiration!

Finn Ove Kvalsvik orienterte om årets motto : Be the inspiration
Rotary sine målsetningar med utrydding av Polio.
Støtta vi gjev til hjelpearbeid i Afrika og Sør Amerika.

Brannen på Scandinavian Star

19. mars 2018

Brannen på Scandinavian Star

Gisle Weddegjerde holdt eit rystande foredrag om brannen på Scandinavian Star.
La fram bevis på at brannen var påsett og forsikringssvindel.
President Synnøve Riise takkar med blomar.

Ulstein Betong Marine

12. mars 2018

Ulstein Betong Marine

Ulstein Betong Marine ved Dagleg leiar Asbjørn Tronstad orienterte om den fantastiske utviklinga av betongflåtar og brygger.
Past President Otto Kjetil Nytun takkar med blomar for den lærerike timen

Årets torskemiddag på Folk Spiseri

3. mars 2018

Årets torskemiddag på Folk Spiseri

Årets torskemiddag på Folk Spiseri
Perfekt mat, drikke og hyggelig betjening.
Koselig selskap med den gode samtalen.

Rikets tilstand med Lensmann Hans-Erik Pettersen

12. februar 2018

Rikets tilstand med Lensmann Hans-Erik Pettersen

Hans-Eirik Pettersen, den nye Lensmannen i distriktet vårt holdt foredrag om rikets tilstand.
Engasjerte medlemer fekk oppmoding om at vi alle må bry oss meir.
President Synnøve Riise takkar med blomar.

Mama Clara hjelpeprosjekt i Peru

5. februar 2018

Mama Clara hjelpeprosjekt i Peru

Særs engasjerande bilder og video om barneheimen i Peru som Ulstein Rotary er med på å støtte.
Intercitymøte hos Hareid Rotary.

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...