Årsmøtesaker
Lidun vart vald som møteleiar.
Sak 1: Godkjenning av møteinnkalling og sakliste - einstemmig godkjent
Sak 2: Val av 2 personar til å skrive under på
årsmøteprotokollen – Arnfinn Godø og Ingunn Hestnes – einstemmig valde
Sak 3: Styret si årsmelding frå førre rotatyår –
Bjørn Gunnar Tafjord la fram årsmeldinga – einstemmig godkjent
Sak 4: Rekneskap/resultatrekneskap pr 30.06. –
Synnøve Riise presenterte rekneskapet for 2019 – 2020 -
einstemmig godkjent
Sak 5: Val av innkomande president – Thor Martin
Eidem einstemmig vald. Thor Martin la fram plan for innkomande styre
Sak 6: Val av resterande styre og tillitsverv for
neste år
Stig Ole Borgundvåg – attvald som CICO-ansvarleg, ansvarleg
for heimeside
Jan Einar Saunes – attvald som ansvarleg for utlegg på
facebook
Synnøve - attvald som kasserar
Ingunn Hestnes – vald som sekretær
Kjell Olav Kleppe ble også vald som innkomande president for 2022/2023
Stig Ole har sagt seg villig til å vere president etter Kjell-Olav (2023/2024).
Sak 7: Forslag
til vedtekstendring (vert handsama på ekstraordinært årsmøte 15.02.2021.
Vedtektene vert lagt ut til gjennomsyn 3 veker før årsmøtet
Sak 8: Andre saker og forslag som styret meiner
årsmøtet skal behandle - ingen saker
lagt fram frå styret. Spørsmål frå Bjørn Gunnar om det kunne verte fusjon
mellom Rotary og Inner Wheel. Ikkje interesse for dette. Personar som skal
verte medlem i Rotary, må verte det på individuelt grunnlag.
Full semje om at Ulstein kommune må verte flinkare til å
framheve Ulstein Rotary i omtale av t.d. gapahukane og andre ting som Rotary
har vore med på å få til.
Lidun tek kontakt med Vikebladet for å få dei til å skrive
om Ulstein Rotary og det Rotary har vore med på å få til i juleutgåva av
Vikebladet.
Sak 8: Andre innkomne saker som er handsama og
godkjende av styret – ingen saker
Referat: Eldrid Vik / Bilder: Jan Einar Saunes / Web: Stig Ole Borgundvåg
6. september 2021
I dag blei gapahukane beiset av en dyktig dugnadsgjeng!
30. august 2021
President Thor Martin Eidem orienterte om planane for året som kjem.
23. august 2021
Rotaryklubbene i Hareid, Ulstein og Herøy fekk besøk av Distrikts guvernør Hans Olav Osbak
21. juni 2021
Past President Lidun Hareide overlet roret til President Thor Martin Eidem.
7. juni 2021
Vi hadde ein «enkel kosedugnad i Rotarhagen». Vi fylte på med mold i plantekara, lyfta opp ein del av plantene så dei synest betre, kosta og ordna litt.
31. mai 2021
På dagens kaffemøte blei medlemmene overrasket av et kjekt nettmøte med en Rotaryklubb i India i samband med at URK sammen med "From you 2 them" og gjennom Rotaryklubben i India har bidratt med et oksygenapparat.
Turid Tranvåg holdt 5 minutter.
12. mai 2021
Lidun og Hiljerd har i dag fylt på med jord og fleire blomar i kumringbeda.
10. mai 2021
Etter dugnaden i dag overleverte Ulstein Rotaryklubb første byggetrinn av ein vakker og tenleg hage – som vi i fellesskap med fleire samarbeidspartnarar har fått laga til glede for bebuarane i leilegheitskomplekset.
9. mai 2021
Ein hage som kan stimulere sansar og minner, men som også kan fungere som motivasjon til å rusle seg ein liten tur, og der det er tilrettelagt for koselege sitteplassar.