Web Analytics Made Easy - StatCounter

Rotaryåret 2020/2021


Program Ulstein RK hausten - 20

INFO:  

1.             Kontaktpersonar er førde opp i parentes etter programposten. Desse personane tar kontakt ei veke i førevegen med den/dei som står for programmet, for å sjekke at programmet går etter planen. Deretter melder dei frå til presidenten.

2.             Ved arrangementa krabbefest, Stordalstur og juleavslutning, som ligg på fredagar, går måndagen før eller etter ut. Den kan om naudsynt nyttast til gjeremål presidenten finn føremålstenleg.

3.             Kaffimøtet er innført igjen, men på ein ny måte, i kombinasjon med at presidenten orienterer (15-20 min) og at eit rotarymedlem deretter held ein 5/10- minuttar. Deretter samtale rundt borda.

 

PROGRAMMET:

 24.08.

Kjære Rotaryvennar!

Med dette ønsker eg dykk alle hjarteleg velkomne til det første møtet i perioden 2020 – 2021, der temaet for perioden er «Rotary opens opportunities». 

Dette møtet vert ein kombinasjon av presidentens time og kaffimøte; rett og slett avsparket på denne Rotaryperioden. 

Det blir kake og kaffi, litt informasjon – og forhåpentlegvis litt tid til å prate litt over borda og oppdatere oss på kvarandre igjen. 

PROGRAM:

  1. Kaffi og kake 
  2. Litt om planane for dette Rotaryåret (5 minutt)
  3. To nye dugnadsprosjekt (Lidun og Otto Kjetil 10 minutt) 
  4. Dagfinn Olav presenterer kjapt hovudpunkta i programmet for hausten (10 minutt) 
  5. Synnøve presenterer kjapt den økonomise situasjonen (5 minutt) 
  6. Stig gir oss eit innblikk i medlemssituasjonen og planar for verving i perioden (5 minutt)
  7. Lidun presenterer forslag til komitear og noterer innspel til endringar 

 Eg håper at så mange som mogeleg kan kome på møtet, og gler meg til å sjå dykk alle igjen. 

 Alt godt! 

 Lidun Hareide ,  President Ulstein Rotaryklubb 

 31.08.

Anne Lise Chapman: Tango Seeweed. Om tang og tare. Kanskje også med smaksprøver (Lidun)

 07.09.

 Rotarymedlem Johannes Kristian Bjøringsøy: Føredrag med tittelen «Kvit og priviligert» (Dagfinn)

 14.09.

 Guvernørbesøk. Sammøte med Herøy og Hareid RK. Rotarymedlemane møter guvernøren på Thon Hotel Fosnavåg kl. 20:00. Samkøyring frå Ulstein hotel kl. 19:15 (Lidun)

 21.09.

Ordførar Knut Erik Engh: Føredrag med sjølvvalt emne (Dagfinn)

28.09. 

Presidentens time/kaffimøte. Orientering ved presidenten. Håkon Waage held ein 5/10-minuttar (Dagfinn). Alternativt dugnad

 05.10. 

Magne Grimstad/Asle Geir Johansen: Kyrkja i Ulstein - eit ankerfeste ( Dagfinn)

 12.10. 

Møtet er flytta til 16.10. Presidenten kallar inn viss det er behov for møtet

 16.10. 

Krabbefest  med underhaldning. Stad og tid vert kunngjorde av festkomiteen (Njål)

 19.10

Bedriftsbesøk: Artic Nutrition, Ørsta, kl. 19:00. Muleg sammøte med Ørsta og Volda RK. Samkøyring frå Ulstein hotel kl. 18:00 (Bjørn Gunnar)

24.10 


 26.10. 

Presidentens time / kaffimøte. Presidenten orienterer. Stig Sandanger Rise held ein 5/10-minuttar (Dagfinn). Alternativt dugnad

 02.11. 

Rotarymedlem Arnfinn Godøy: Ego- og yrkesføredrag (Dagfinn)

 06.11. 

Stordalstur: Smaking på årets juleøl / føredrag om øl og ølbrygging i Kvammen (Dagfinn). Tradisjonsmat på Nilsgardstunet (Njål)

 09.11. 

Møtet er flytta til 06.11. Presidenten kallar inn viss det er behov for møtet

 16.11. 

Fotograf Cecilie Hatløy: Liv og yrke. Intervju med bildevising (Bjørnar)

 23.11. 

Forfattar Øystein Orten: «Norske smertepunkt». Litt om arbeidet med boka «Krigshistorier» - frå fakta til fiksjon. Det blir muleg å få kjøpe signerte eksemplar av boka (Dagfinn)

30.11. 

Presidentens time/kaffimøte. Presidenten orienterer. 5/10-minuttar ved Otto Kjetil Nytun (Dagfinn). Alternativt dugnad

 07.12

Rotarymedlem Kjell-Olav Kleppe: Føredrag med tittelen «Kjell-Olav Kleppe: Sjølvpresentasjon - eit aktivt liv» (Dagfinn)

 14.12. 

Møtet er flytta til 18.12. Presidenten kallar inn viss det er behov for møtet

 18.12. 

Juleavslutning med underhaldning. Tid og stad vert kunngjorde av festkomiteen  (Njål) 

Program: Dagfinn Olav Bye Web: Stig Ole Borgundvåg


 
Kryptovaluta med Carl Magnus Hegde Næss

8. januar 2024

Kryptovaluta med Carl Magnus Hegde Næss

Carl Magnus Hegde Næss tok turen innom Ulstein Rotary og holdt en presentasjon om kryptovaluta.

Medlemsmøte hos Larsnes Mekaniske

12. desember 2023

Medlemsmøte hos Larsnes Mekaniske

Bedriftsbesøk til Larsnes Mekkaniske Verksted med en usedvanlig engasjert og positiv Daglig leder Jarle Gunnarstein

11. desember 2023

Årsmøte 11-12-2024

Vi hadde ett fint og engasjerrt medlemsmøte for
ÅRSMØTE.

Kaffimøte med orientering 27-11-2023

27. november 2023

Kaffimøte med orientering 27-11-2023

Kaffimøte og loddsal

Julebord på Bogne

20. november 2023

Julebord på Bogne

Hyggekveld i saman med Herøy Rotaryklubb

VIKINGHUSET PÅ  LEIRA I HJØRUNGAVÅG

13. november 2023

VIKINGHUSET PÅ LEIRA I HJØRUNGAVÅG

Intercity i saman med Hareid Rotaryklubb.

LANDBRUKET I ULSTEIN

6. november 2023

LANDBRUKET I ULSTEIN

Presentasjon av landbruket i Ulstein av avdelingsleder hos Landbrukskontoret; Anne Kathrine Løberg, med påfølgende besøk i det hypermoderne fjøset til Jonas Flø.

Ulstein Rotary - Solidarisk støtte

5. november 2023

Ulstein Rotary - Solidarisk støtte

Etter invitasjon frå Ulstein Sokn, deltok Ulstein Rotaryklubb søndag kveld 05.11.23 med å markere solidarisk støtte til sivile som er offer for krig i Ukraina og Midtausten.

Ulstein Rotary Strandrydding

29. oktober 2023

Ulstein Rotary Strandrydding

Strandrydding frå Ivarfjøra til Gåsneset og Roppesanden. 120kg avfall rydda av ein entusiastisk gjeng.

End Polio Now – Rotarys viktigste prosjekt

24. oktober 2023

End Polio Now – Rotarys viktigste prosjekt

24. oktober er den årlige poliodagen på verdsbasis og dette er Hareid- og Ulstein Rotaryklubb sitt initiativ for å synliggjøre Rotary International sin omfattende kamp for å utrydde polio. Målet er en poliofri verden.

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...