Årets presidentskifte skulle feirast med god middag og foredrag på Skotholmen i Herøy, slik vi har snakka om i snart eit år. Då alle stod samla til avgang utanfor Quality Ulstein Hotel, kom imidlertid meldinga om at vegen var stengt ved Garneskrysset, og at omkøyringsvegen over Gamleeidet også var stengt.
Gode råd var dyre, og etter litt hektisk aktivitet fekk avtroppande president Bjørn Gunnar Tafjord hyrt inn Hindholmen til å frakte oss ut til Skotholmen, og kjøpt inn bollar og brus så vi ikkje skulle svelte i hel på turen. Det vart ein nydelig båttur ut gjennom Ulsteinleia og gjennom Søre Vaulen til Sævika og Skotholmen.
På
Skotholmen stod ein av eigarane, Arthur Almestad, klar og tok imot trossa, før
han geleida oss inn til eit foredrag om den eldre og nyare historia til
Skotholmen. Det har budd folk på Skotholmen sidan 1500-talet, og holmen har
både vore husmannsplass og hatt handelsprivilegium. I 2009 tok dei noverande
eigarane over, restaurerte eine sjøbua og rydda resten. Du kan lese meir om
historia til Skotholmen her: https://www.skotholmen.no/omoss/
Les gjerne også saken NRK laget om Arthur og Skotholmen i 2016: Nytt liv til gammelt handelsted
Magnar Hjertenæs viste så fram si unike samling av gamle foto som bestefaren hans tok frå tidleg på 1900-talet og utover til etter krigen. Bileta held ein imponerande både teknisk og kunstnarisk kvalitet, og ber vitnesbyrd om eit fiskarbondesamfunn som no er borte. Du kan lese meir om Magnar og fotosamlinga her https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling/unik-fotosamling-mellom-permar
Vi har hatt eit imponerande tilfang av nye medlemmer dette året. To av desse, Ingunn Røyset og Arnfinn Godø, møtte opp på Skotholmen, og fekk utdelt Rotarynåla. Vi er glade for å ha dei med i klubben vår.
Sjølve presidentsskiftet stod for tur. Avtroppande president Bjørn Gunnar Tafjord overrekte Rotary-kjedet til påtroppande Lidun Hareide, medan Lidun overrekte blomar til Bjørn Gunnar og takka han for innsatsen i året som gjekk.
Endeleg var det klart for matservering, og Skotholmen sin signaturrett; krabbesuppe med reker, fenikkel og ramsløk vart fortært med andakt med ein tilhøyrande nydelig rosévin og fantastisk focaccia. Til dessert fekk vi sjokoladefondant med jordbær og kaffi.
Etter ein lang og innhaldsrik kveld tok vi farvel med Skotholmen, vel vitande at her kan vi lett kome tilbake. Damene fekk haike med Arthur Almestad inn til hotellkaia i Fosnavåg, der Ragnhild hadde bil ståande, medan karane hoppa om bord i Hindholmen og tøffa seg heim i solnedgangen. Og alle var samde om at det hadde vore ein heilt fantastisk tur!
25. november 2019
Past President Finn-Ove Kvalsvik presenterte årsmeldinga for det innholdsrike Rotartyåret 2018/2019
21. november 2019
Kari Løken holdt kurs i webredigering og facebook til klubbane i distriktet. Lydhør forsamling som kosa seg med kaffi og kaker.
18. november 2019
Boka er ei sakprosabok for ungdom og bygger på verkelege hendingar frå andre verdskrigen.
Hovudpersonen er Jorun Emilie Waage, som fortel korleis det var å vekse opp i eit okkupert land.
4. november 2019
Stig S. Riise leiar arbeidet med å søke samle informasjon om alle dei ulike prosjekt som Ulstein Rotary har hatt opp gjennom åra.
I dag holdt han et engasjert foredrag om status på dette arbeidet.
28. oktober 2019
Idar skulle fikse noko om bord i ein båt på Skarbøvik Slipp, fall 15 meter ned, og vart funnen flytande i vatnet med andletet ned. Dramatikken var ikkje over med dette, Flø var også om bord under brannen om bord i hurtigruta Nordlys.
24. oktober 2019
Verdens poliodag blir markert 24 oktober hvert år.
Vi bruker denne dagen til å bevisstgjøre verden om viktigheten av å utrydde denne alvorlige sykdommen.
Se video som forklarer status på arbeidet nå i 2019.
14. oktober 2019
Dagleg leiar i MAFOSS Jan Thormodsæter heldt et interessant foredrag som virkelig engasjerte medlemmene til oppfølgingspørsmål og diskusjoner.
7. oktober 2019
President Bjørn Gunnar Tafjord orienterte om styresaker og medlemsverving.
30. september 2019
Guttorm Osnes besøkte Ulstein Rotaryklubb, og holdt et svært interessant foredrag om sin kunstutdanning og karriere.
Vi ble alle utrolig imponert over bilda han viste frem!