Foredrag av Jan Tormodsæter,
dagleg leiar i MAFOSS (Maritim Forening for Søre Sunnmøre) 14.10.2019
–verdsleiande maritim høgteknologi
Den maritime klynga. Quo vadis?
MAFOSS, Maritim Foreining for Søre Sunnmøre
(tidlegare Verkstedforeninga) vart skipa i 1969 som ei interesseforeining for
skipsindustrien på ytre søre Sunnmøre. I år fyller foreininga 50 år i år og har i desse åra engasjert seg i mange
ulike prosjekt, noko som gjer at spennet i fokus har vorte vidt. Jubileumsåret
skal brukast på ei strategirunde, og 50-årsfeirina vert markert med ein
seminardag og ein festkveld.
Målet til MAFOSS er å styrke
samhaldet internt i den maritime klynga, og utad snakke næringa si sak. «Vi
skal samarbeide når vi kan og konkurrere når vi må» sa initiativtakar Idar
Ulstein, og noko av styrken er at medlemmane snakkar godt saman. Mafoss har i
dag om lag 45 medlemsbedrifter, der 25 er lokaliserte i Ulstein kommune, og
resten på Søre Sunnmøre. MAFOSS
har fem fagutval innan Forsking og utvikling, personal,HMS, opplæring og
logistikk og produksjon.
I følgje heimesida jobbar
MAFOSS med politisk påverknad
innan samferdsel og utdanning, samt som aktiv fasilitator av ulikt
nettverksarbeid innan den maritime næringa på Sunnmøre. MAFOSS leverer alle typer
kurs til medlemane, og er på vegner av klynga, tett på det politiske miljøet i
fylket innan næring, utdanning og samferdsel.
Innanfor samferdsel kjempar MAFOSS for Hafast,
fordi dei ønskjer ein døgnopen region. Dei har jobba i ei årrekkje for å få ei
tredjeferje på Hareid-Sulesund, og for betre løysingar på hurtigbåtane som
representerer ein stor stressfaktor for alle. Dei kjempar for betre flyforbindelsar over
Hovden, for sjølv om ikkje Avinor
tenar pengar på det, må ein oppretthalde samferdsel. Foreininga protesterer
også på at takstregimet på ferjer representerer
ein voldsom auke i kost for transport til og frå regionen. MAFOSS er
representert i interimstyret for RV15 Strynefjellet, for her trengst nye
tunellar for å få heilårsopen veg for å få produkt fram. Ytre Søre Sunnmøre må dekkjast optimalt, for
den ekte verdiskapinga i Norge foregår på Sunnmøre. Aksen Vanylven – Ulstein, Hareid
: omsette på det meste for ein milliard i veka.
Den årlege veksten låg på 14%. Under oljekrisa låg på det meste 160
båtar i opplag i Norge, men situasjonen har har løsna litt no., og mange små og
mellomstore verksemder i maritim industri som gjer det overraskande godt.
Referat av Lidun Hareide/Sekretær
Link til fullt møtereferat (for medlemmer)
8. april 2019
Adm Dir Kjell Atle Gjøringbø viste oss rundt på Servi Ulsteinvik AS
Imponerende produkter med overveldende lang kundeliste.
25. mars 2019
Skulane i Ulstein er Norges fremste i Teknologi-satsing!
Marianne Ulstein Johnston og Gry Osnes Nordal heldt ei god orientering om teknologiskulen til Ulstein Kommune.
18. mars 2019
Hildegunn Utgård holdt eit lærerikt foredrag om velferdsteknologi.
8. mars 2019
Quality Hotel Ulstein laga ein svært god torskemiddag til oss.
Mang en artig historie ble fortalt denne særs vellykka kvelden.
Kvinnedagen ble også tydelig markert.
4. mars 2019
John Stennes informerte om David School i Sierra Leone.
Prosjektet hadde 10 års markering 28 oktober 2018!
25. februar 2019
Vi fekk en flott oppdatering vedr. Mama Clara sin barneheim i Arequipa som vi er med å støtte.
18. februar 2019
Stig Ole Borgundvåg orienterte om Ulstein Rotary sine websider som har blitt betydelig oppdatert!
11. februar 2019
Denne kvelden tok Ivar oss med på ein spanande tur til Nord- Korea!
4. februar 2019
President Finn-Ove Kvalsvik heldt orientering rundt planene i klubben fremover.