Ronny
Osnes, Keepertrener, Hødd og Liverpool-fan holdt eit framifrå foredrag om hans
trenerkarriere, hans syn på trenar-rolla, og selvfølgelig hans langvarige rolle
som trener for J19 landslaget.
Ronny Osnes har lang erfaring både som keepertrenar for Hødd, der han mellom anna trente Ørjan Nyland, Vebjørn Skeide og Erika Skarbø, og frå Jente 19-landslaget. Landslagseventyret byrja for Ronny då Erika Skarbø frå Ulsteinvik fekk plass på J-19-landslaget som 16-åring, og Ronny vart med som hennar keepertrenar.
Den første store meisterskapen var VM i Chile i 2008, og sidan har det gått slag i slag med EM-sluttspel i 2009, 2011, 2016 og 2019, der høgdepunktet var EM-sølv i 2011. I tillegg kom laget til VM-sluttspel i 2012.
Ronny er levande engasjert i jente- og kvinnefotball, og er opptatt av å få spelarane til å vekse både som spelarar og som menneske. Det å få med seg folka rundt seg i ei prestasjonsgruppe som eit fotballag er, er viktig, seier Ronny, og han siterer sin trenar-helt Jürgen Klopp (Liverpool): «You need to make people around you grow. Don´t act as if you know everything». Han opplever at presset blir stadig større på å levere sterke resultat, samtidig med at ein skal drive spelarutvikling. Jentene på landslaget opplver han som svært treningsvillige, og seier at dei er svært godt trente, men at dei likevel jobbar likevel enormt hardt for å bli betre. Her peikar Ronny på tre typer talent som er viktige:
1. Ferdigheitstalent: spelaren må ha ferdigheiter som gjer at ho er god.
2. Treningstalent: spelaren må kunne tole mykje trening
3. Instruksjonstalent: kor fort greier spelaren å ta imor instruksjon om omsette denne i aksjon?
Kvinnefotball blir meir og meir populært, med over 20 000 tilskodarar på kampane ute i Europa. Her ligg Norge på etterskot. Norske landslagsjenter spelar til dømes i gutedrakter, herresko og herrestrømper med helfellinga langt oppe på leggen. Dette fører til gnagsår og skader som kunne ha vore unngått, for motstandararane har damedrakter og strømper som passar. Dette kan ha med sortiment og geografiske skilnadar å gjere, men det må takast tak i, og det må endrast.
Ulstein Rotaryklubb takkar Ronny Osnes for ein svært interessant kveld, og ønskjer han lykke til vidare med arbeidet med J-19 landslaget.
9. januar 2023
Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.
12. desember 2022
Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.
26. november 2022
Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande
14. november 2022
Denne kvelden var Ulstein Rotary samlet for å høre foredrag om rikets tilstand fra Oddbjørn Solheim og Hilde Sæter.
7. november 2022
Kjekk omvisning med Geir Sundal og Torgeir Helvik.
Store utbyggingsplanar og lærerik innføring i Rim Drive (Permanent magnet thrustere).
31. oktober 2022
Historisk besøk på Sunnmøre og til Ulstein Rotaryklubb sin åpning av Rotaryhagen
31. oktober 2022
CEO Olav Haug Vikebakk fortalde om imponerande utvikling og dyktige fagfolk.