Pettersen starta sitt foredrag med ei oppmoding til medlemmane om å vere i dialog med politiet og gje tilbakemeldingar om kva vi meiner politiet kan verte betre til.
Pettersen er oppteken av å vere tilgjengeleg for publikum og ha tett dialog.
Pettersen ønskte å snakke om trygg oppvekst og om det tverrfaglege og tverretatlege arbeidet politiet har saman med mellom anna kommunane, psykiatritenestene, skulen, barnevernet og private lag og organisasjonar.
Han er oppteken av barn og unge sine oppvekstvilkår og har mellom anna snakka om dette temaet på folkemøta som har vore arrangert av Ulstein kommune i sentrum og krinsane.
Ulstein-samfunnet er utruleg vellukka på mange område, men det er slett ikkje alle som har det like bra. Når avstanden vert for stor mellom dei som har mykje og dei som slit økonomisk, er vegen til kriminalitet som karriereveg for enkelte kort.
Det er fleire såkalla «kjenningar av politiet» blant ungdommen i bygda, og Pettersen viste til tidlegare avis-oppslag om ein gjeng gutar det var store utfordringar med.
For 3 av desse gutane i 13-17 års alderen lukkast ein diverre ikkje i å hjelpe, trass i at ein sette inn store lokale ressursar. Desse ungdommane vart så krevjande at einaste utveg vart omsorgsovertaking og barnevernsinstitusjon. Politiet gjer jamnlege analyser over situasjonen med dei såkalla «verstingane» som dei vurderer har dei største utfordringane per i dag.
I Ulstein og Hareid er det etablert eit Politiråd, som er ei styringsgruppe for SLT-arbeidet (Samordning for lokale rus og kriminalitetsførebyggange tiltak).
I Politirådet deltek i tillegg til politiet, ordførar, rådmann og enkelte andre frå kommunane. Hareid og Ulstein har løyva midlar til SLT- koordinatorar som skal sikre at alle som arbeider med rus og kriminalitetsførebyggande arbeid møtast jamnleg, får ei felles forståing av kva som er utfordringane, og for at ein samordnar tiltaka. Målet med SLT- arbeidet er at kommunens born og unge skal få rett hjelp til rett tid av eit hjelpeapparat som arbeider tverretatleg og tverrfagleg. Friviljuge organisasjonar er og sentrale i dette arbeidet.
Politiråd er eit av 6 satsingsområder i politireformen, og tanken er at ein skal få meir fokus og trykk på dette med førebyggande arbeid.
Hovudfokuset er tidleg innsats, og ein startar arbeidet allereie når ei kvinne er gravid. Er ein kjent med at mor, eller far har utfordringar frå tidlegare og soleis risikoutsatt? Om det er tilfelle vil det kunne vere aktuelt å setje inn tiltak allereie på barselstadiet, i barnehagen eller når barnet går på skule. Politiet har også faste møte med barnevernet, der psykiatri tenesta også kan delta. Departementet og fylkeskommunen ser svært positivt på det arbeidet som vert gjort i dei to kommunane og det har vorte løyva mykje midlar til arbeidet.
Hovudbodskapen til lensmannen er at vi alle må bry oss meir om kva som skjer med barn og ungdom, og at vi må ta oss tid til den vanskelege samtalen med barn veit slit og som har utfordringar. Om vi veit om at nokon slit, eller vert utsett for vald er det viktig at vi som samfunn reagerer og at vi prøver å hjelpe så mange som mogleg.
Det har ifølgje Pettersen vore ei markant auke i psykiske problem blant ungdom, i tillegg til negative verknader av sosiale medier.
Unge jenter får spørsmål om å sende lettkledde bilete av seg sjølve, eller får tilsendt naken bilete av eldre menn. Vidare er porno tilgjengeleg heile tida for born og ungdom.
Pettersen understreka at det også er mange døme på at det er ungdommar det har gått fint med. Nokre gongar er det ikkje det etablerte hjelpeapparatet som fekk til endringa, men til dømes ein onkel som tok grep.
I følgje Pettersen er framleis foreldre, sysken, anna familie og naboar som vil vere dei viktigaste personane for det einskilde barnet/ ungdommen.
Det vil etter kvart kome informasjon på kommunen si heimeside om korleis ein skal gå fram og kven ein kan kontakte om ein mistenker at born og unge til dømes er utsette for vald.
Fungerande president, takka lensmannen for at han kom og snakka om dette viktige temaet og overrekte ein blomsterbukett.
Referat v/Ingunn Hestnes - sekretær
Fullt møtereferat (for medlemmer): Link
15. april 2024
Foredrag/boklansering ved Ola Teige om Norsk Loshistorie 1720-2020
Lærerikt og interessant om utviklinga av lostjenester på kysten vår.
8. april 2024
Medlemsforedrag holdt av Monica Småge Skeide som varmt
delte sin historie og betydningen av fellesskap, familie
og faglig utvikling i livet sitt.
18. mars 2024
Bærekraftig miljø for fremtidige generasjoner..Foredrag holdt av CEO Harald Nordal
11. mars 2024
På kveldens møte med Sparbank 1 SMN i Ulsteinvik ble det lagt stor vekt på framtidsfullmakt
9. mars 2024
Også i år var det markering på SUFH for å markere kvinnedagen.
Kvinnene i Hareid og Ulstein stimla til kvinnedagsmarkeringa fredagskvelden, i regi av Ulstein Rotaryklubb.
4. mars 2024
Torskefest med Ulstein Rotaryklubb på Quality Hotel Ulstein. Mandag 4 mars, klokka 19:30
12. februar 2024
Intercity møte mandag 12 februar. På besøk til Hareid Rotaryklubb i sammen med Herøy Rotaryklub. Foredrag av Kristine Haddal, manager Karsten Warholm og daglig leder for Sunn Vekst AS.
5. februar 2024
Kanskje landets fineste Folkehøgskule? «Forvent mykje, få meir». Omvisning og presentasjon holdt av rektor Arnt Ole Grimstad.
29. januar 2024
Rotarymedlem, grunder og kokk Willy Solvang holdt ett givende foredrag fra oppveksten på Kvamsøya med koking av albueskjell til opplæring og læretid på Stattholdergaarden..
15. januar 2024
Kaffimøte med orientering angående konferansen 2024 og foredrag fra Orlando med Lidun Hareide