Web Analytics Made Easy - StatCounter

Piano til Ulstein kvileheim (1974)


Det var ein innsamlingsaksjon i regi av Kvileheimsforeninga «Kvileheimens venner», som skulle skaffe pengar til innkjøp av piano til Kvileheimen.

Ulstein Rotaryklubb sende ei “raus” pengegåve til innsamlingsaksjonen. Takka vere dette, kan kommunen i brev datert 29. mars 1974 melde at piano er kjøpt og plassert i salongen på kvileheimen.

Kvileheimen er no riven, men instrumentet står i dag i eit fellesareal i Ulstein kommune sine omsorgsbustader i Holsekerdalen.

Kjelde: Rotary. Fotografi: Rotary