Rotary gjorde ein heil del restaurerings-arbeid for å sette i stand eit kvernhus ved Ulsteinelva på slutten av 60-tallet. (årstall noe usikkert)
Annstein Flø, tidlegare maskinist, amcar-entusiast og med stor interesse for lokalhistorie døydde 3. april 2020.
I Levd Liv i 2010 hadde han ein artikkel om Ulsteinelva, der han beskreiv dei ti kvernhusa som i si tid stod langs elva.
Om den aktuelle kverna skriv han:
Svennskverna (Svend Helgeson (1690)) Bnr. 7
Som ein ser, er namnet på garden gammalt. Men det
er ikkje godt å seie om det tyder at kverna er gammal. Svend og Svein er brukt
på eigedomane i lang tid, heilt til våre dagar.
Denne kverna er den einaste som står no, men ho er
i svert dårleg stand. Ho vart delvis restaurert i 1960-åra av Knut Ulstein
(Plasse-Knut). Til dette vart det gjort ei løyving over kommunebudsjettet på
kr. 2.000,- Dette strekte ikkje til, og vidare løyvingar vart ikkje gitt, endå
arbeidet med huset var gratis. Kvernkallen var i dårleg stand, men fullt
reparerbar.
Eigarar no er arvingane etter Hans Svendsen.