Fiskarbonden (2007)
Ulstein Rotaryklubb deltok med dugnadsarbeid for realisere "Fiskarbonden" ved Sjukeheimen i Ulstein.
For pengar ved sal av grunn til Ulstein kommune bestemte Saunes Grunneigarlag i 2004 at beløpet skulle brukast til å heidre fiskarbøndene, som jo befolka småbruka på Saunes langt inn på 1900-talet.
Det endte med at ein vart samd om å få laga ein skulptur av fiskarbonden.
Kunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik fekk oppdraget.
Og med støtte frå Borgstein og Sparebanken Møre, står bonden ved Ulstein sjukeheim i dag.
Sveinung Lofthus vart engasjert til å designe omgjevnadene for skulpturen, og Ulstein Rotaryklubb sa seg viljuge til å delta med dugnadsarbeid for realisere dette.
Skulpturen var på plass i 2007 og vart avduka same året.