Web Analytics Made Easy - StatCounter

Skogplanting Hofset, Varleite og bak UVS (1982-1987)

I tidsrommet 1982 til 87 planta Ulstein Rotaryklubb mellom 4 – 5 000 furu og gran- planter i dette området.

Trea skulle gi le for nordavinden i desse områda som då var mest utan vegetasjon. Dette ser ein tydeleg på biletet frå 1985 over Varleite, der leplantinga vart gjort  mellom byggefeltet og vegen på «Gamleeidet».

Arbeidet vart gjort i samarbeid med kommunen.

Kjelde: Rotary og Vikebladet Vestposten Fotografi: Rotary (Stig SR).