Presentasjon av Susteni
Arild Hatløy og Alf Einar Moldtubakk orienterte om tenestene deira innan innovasjon og analyse.
Målet deira er å skape energieffektive og bærekraftige tekniske løysingar som gir konkrete resultat for kundane. Deira forretningsområder er innanfor skip, akvakultur og rigg/anlegg. Arbeid med lukka oppdrettsanlegg i sjøen er det viktigaste området i dag. Dei har hovedkontor i Ulsteinvik og salskontor på Karmøy. Dei vart etablert i 2022 med tre tilsette, og har vakse til 13 tilsette i Ulsteinvik og på Bømlo. Det er etablert eit datterselskap med Metizoft, som er forventa å ha 20 tilsette innan det komande året. Det var svært interessant å høyre om forskning og utvikling som er gjort siste åra med støtte frå aksjonærar og Innovasjon Norge, der eitt av resultata er eit patentert filter for lukka oppdrettsanlegg i stål.
7. oktober 2018
Åpning av Lisjevatnhuken + Paul Harris fellow til Lindor Skeide!
Med vérgudane på vår side vart det godt oppmøte og ei særs vellukka opning av Lisjevatnhuken i dag!
Kultursjef Leif Ringstad klippte snora, og ikke minst ble Lindor Skeide tildelt den prestisjetunge Paul Harris Fellow prisen!
1. oktober 2018
Presidentens time
President 2018/2019
Finn-Ove Kvalsvik med Presidentens time om målsetnadar og oppgåver i året som kjem.
24. september 2018
Unni Takseth med gjevande kåseri
Past President Synnøve Riise takkar Unni Takseth for eit gjevande kåseri om dugnadsånda i dagens travle samfunn. Avslutningsvis las ho dikt om freistande frukter i Edens hage.
10. september 2018
Lisjevanthuken er ferdig! :)
Lisjevatnhuken ferdig i kveld rett før vi mørkna ute. Bord, benkar og steingolv vart fint.
Topp arbeidslyst med god kaffi og vafler til.
3. september 2018
Dugnad Lisjevatnhuken!
Lisjevatnhuken dugnad i kveld med legging av heller.
God kaffi og kaker fra Turid og Voitto.
27. august 2018
Foredrag med Gerd Vik Flø
Foredrag med Gerd Vik Flø om barneheimen Suwalkis Venner og overrekking av overskot frå lotteriet forrige møte.
20. august 2018
Då er vi klare til å starte opp Rotaryåret 2018/2019
Inviterer til kaffimøte måndag 20.08.18 kl. 19:00-20:00 på Quality Ulstein Hotell.
Program:
Deling av gode ferieminner
Forventingar til det nye året
Vinlotteri til inntekt for Suvalkis Venner.
3. juli 2018
Nok ein vellukka dugnad ved Lisjevatnhuken
Nok ein vellukka dugnad med beising, ny takrenne, møbelmontering og hellesanking. I matpausa vanka det nybakt kveitekringle a la Gro Brandal!