Web Analytics Made Easy - StatCounter

Bedriftspresentasjon ved Glen Bradley frå Rostein AS


Rostein AS tek utgangspunkt i at laksen skal ha det godt, og bygg teknologien sin rundt det. Glen Bradley fortalte engasjert om rederiet som er 100 % norsk eigd og har sitt hovedkontor på Harøya. Rederiet har 20 fartøy og 350 tilsette. Dei legg vekt på sikkerhet både for mannskap og utstyr. Eksempelvis har dei difor sentrallager med reservedeler lett tilgjengelig lokalt. Elles står verdiar og kulturbygging sentralt, saman med bevisst fokus på strategi. Dei har fått til ein unik integrasjon ved å ha hand om både rederi, design og verft. Dei er hovudeigar i Larsnes verft og har satsa med blant anna utbygging av ein stor tørrdokk. På 10 år er det levert 10 nybygg frå Larsnes verft.


Vi fekk ei interessant innføring i formuesskatt, og korleis den slår ut for norske eigarar kontra utanlandske. I 2017 hadde brønnbåtane 80 % norsk eigarskap, mot 20 % i 2024. Glen presiserte at han ikkje har imot utanlandsk eigarskap, men peikte på behovet for like konkurranseforhold. Vidare peikte han på kor viktig næringslivet er for kultur og idrett.


Glen Bradley minte om at den store befolkningsveksten i verden fører til matmangel. 71% av planeten si overflate er hav, men ressursane i havet er lite utnytta. Vi fekk høyre om Salmon evolution og Bauta fishfarms. Det siste er lukka oppdrettsmerder i stål. Konkurrentane Larsnes verft og Ulstein Group samarbeider no om å tilby forsvaret tenester, så det kan verte eit nytt satsingsområde.


Firmaet er på stadig leit etter nye måtar å sørge for at laksen har det godt, og utvikle tenestene sine. Firmaet støtter lokale tiltak, og han oppmodar også Rotary til å ha fokus på inkludering av unge.

Foredraget handla om mykje meir enn brønnbåter og timen gjekk alt for fort.


President Stig Riise takka for ein spennande og engasjerande presentasjon :)


Ragnhild Velsvik Berge orienterte om Distriktskonferansen på Hamar der hovedtemaet var beredskap. Rotary er ein verdsomspennande organisasjon som får utretta mykje ved samarbeid på tvers av landegrenser. Utrydding av polio er eit felles prosjekt som endå treng vårt fokus. Etter krigsutbrotet i Ukraina sendte ein rotaryanar ei bøn om hjelp til klubbar i andre land, og dette har ført til ei enorm mobilisering for hjelp og støtte til medisinsk utstyr.






 
På besøk hos Hareid Rotaryklubb

2. juni 2014

På besøk hos Hareid Rotaryklubb

Ulstein Rotary på besøk og servering hos Hareid Rotary då vi fekk sjå på deira flotte prosjekt: "Rotarystien".
Video: Jan Einar Saunes

Jarle Osnes - Med kunsutstilling i høve sin 90års dag!

27. oktober 2012

Jarle Osnes - Med kunsutstilling i høve sin 90års dag!

Bilder: Njål Vikanes

Fjelltur til Muldalen

25. september 2011

Fjelltur til Muldalen

Video: Jan Einar Saunes

Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet

28. juni 2010

Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet

Foto: Njål Vikanes
Video: Jan Einar Saunes

Krabbefest i Eiksund

7. september 2007

Krabbefest i Eiksund

Foto: Njål Vikanes

Borgarøya saman med Herøy Rotary + Presidentskifte

27. juni 2005

Borgarøya saman med Herøy Rotary + Presidentskifte

Bilder: Njål Vikanes

Rotarytur til Trandal

9. mai 2002

Rotarytur til Trandal

Bilder: Njål Vikanes

Charterfesten 26 April 1963

26. april 1963

Charterfesten 26 April 1963

Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963