Ulstein Rotary Klubb heldt medlemsmøte måndag 26. mai 2025, der fleire viktige saker vart drøfta og vedtekne. Møtet markerte starten på avslutninga av Rotary-året 2024/2025 og førebuingane til det komande året.
President Thor Martin Eidem med orientering om dugnad og kaffimøte.
Nytt styre valt for perioden 2025–2026
På møtet vart det valt nytt styre for Rotary-året 2025–2026, og styret er no klart til å ta over frå og med sommaren.
Presidentskifte 16. juni
Det årlege presidentskiftet vert gjennomført måndag 16. juni 2025, frå kl. 19:00 til 21:00, på Quality Hotel Ulstein. Det vert ei markering med middag og sosialt samvær. Medlemmane dekkjer sjølve utgiftene denne kvelden. Alle vert oppmoda til å møte for å takke av avtroppande president og ønske den nye velkomen.
Omframt årsmøte
Presidenten informerte om omframt årsmøte som del av medlemsmøtet. Meir informasjon om vedtak og saksliste vert sendt ut til medlemmane i eiga melding.
Guvernørbesøk i oktober
Måndag 6. oktober er sett av til det årlege guvernørbesøket. Dette er ein viktig del av Rotary sitt arbeid, og det er ønskjeleg at flest mogleg medlemmar deltek. Nærare informasjon om programmet kjem når det nærmar seg.
Dugnaden avlyst grunna vêret
Den planlagde dugnaden med beising av gapahukane må dessverre utsetjast grunna dårlege vêrmeldingar. Klubben vil vurdere ny dato når vêrsituasjonen tillet det.
Invitasjon frå Ålesund Øst Rotary Klubb
Ulstein Rotary Klubb er invitert til møte i Ålesund Øst Rotary Klubb onsdag 4. juni 2025. Temaet for møtet er den geopolitiske situasjonen, og foredragshaldar er stabssjef Hans-Martin Grindseth frå Politiet. Presidenten vil sende ut invitasjon med praktisk informasjon til alle medlemmar. Dette er ei god moglegheit for fagleg påfyll og nettverksbygging med andre Rotary-klubbar i regionen.
Foto: Jan Einar Saunes
3. juni 2019
Intercity Herøy & Ulstein.
Vi var så heldige å få presentasjon og omvisning på Ko&Ko AS sine nye fantastiske lokaler på Mjølstadneset i Herøy.
27. mai 2019
Sluddbyger i lufta, men kaffi pølse og brød gav god stemning i dugnadsgjengen.
20. mai 2019
Lidun Hareide og Bjørn Gunnar Tafjord orienterte om PETS lederseminar på Dombås.
13. mai 2019
Hør opptak fra foredraget om blant annet Arthur Gustav Osnes fra Ulstein som dro over til Shetland / England som 17-åring, ble med i flyvåpenet og omkom bare 19 år gammel.
29. april 2019
Sigmund Borgundvåg fortalde om barndomen på Stadt der han vaks opp med tyske soldatar, våpen og ammunisjon i huset.
8. april 2019
Adm Dir Kjell Atle Gjøringbø viste oss rundt på Servi Ulsteinvik AS
Imponerende produkter med overveldende lang kundeliste.
25. mars 2019
Skulane i Ulstein er Norges fremste i Teknologi-satsing!
Marianne Ulstein Johnston og Gry Osnes Nordal heldt ei god orientering om teknologiskulen til Ulstein Kommune.
18. mars 2019
Hildegunn Utgård holdt eit lærerikt foredrag om velferdsteknologi.