Ulstein Rotaryklubb fekk måndag 19. mai besøk av ordførar Stian Skorgen Scheide, som heldt eit engasjerande og innsiktsfullt foredrag om tilstanden og utviklinga i Ulstein kommune – med særleg vekt på økonomi, demografi og beredskap.
Ordføraren informerte forsamlinga om dei økonomiske realitetane kommunen står i, med særleg fokus på perioden 2016–2025. Gjennom ei sektorvis oversikt synte han korleis utgiftsbehovet har utvikla seg, og kva område som legg størst beslag på budsjettet. Grunnskule og pleie og omsorg er dei to største utgiftspostane – ein trend som ser ut til å halde fram i åra som kjem.
Scheide løfta og fram utfordringane knytt til befolkningsutviklinga, og viste til framskrivingar heilt fram til 2035. Det vart peika på korleis endringar i alderssamansetting påverkar behovet for tenester, og korleis ein veksande del eldre i befolkninga vil stille høgare krav til kommunen si evne til å levere helse- og omsorgstenester.
For barn og unge kunne ordføraren vise til at det vert forventa vekst dei komande åra, noko som vil krevje auka kapasitet og ressursar i både barnehage og skule.
I tillegg var beredskap eit viktig tema. Scheide understreka behovet for robust planlegging og førebuing, og korleis kommunen jobbar for å stå best mogleg rusta i møte med uforutsette hendingar.
Foredraget vart godt motteke blant dei frammøtte, og det var tydeleg at ordføraren sitt engasjement og kunnskap skapte refleksjon.
Ordførar Stian Skorgen Scheide og tidligere President Stig Ole Borgundvåg.
Ulstein Rotaryklubb takkar for besøket, og ser fram til vidare dialog og samarbeid med kommunen.
Bilete: Synnnøve Riise
20. januar 2025
Hovudinnslaget denne gongen var eit spennande foredrag av Bjørn Roppen, som representerte selskapet Ava Ocean. Roppen delte innsikt i korleis dei har utvikla teknologi for å plukke kamskjel på ein meir skånsam og miljøvenleg måte.
13. januar 2025
Måndag 13. januar samla Ulstein Rotaryklubb sine engasjerte medlemmar seg til eit triveleg og inspirerande medlemsmøte.
6. januar 2025
Vi hadde gleda av å starte året med eit interessant foredrag av Stig Sandanger Riise, som sette søkelys på ein dramatisk del av polarhistoria
2. desember 2024
Under eit engasjerande møte i Ulstein Rotaryklubb heldt arkeolog Arve Eiken Nytun eit lærerikt foredrag om forminne i regionen, frå steinalderen til mellomalderen.
18. november 2024
Ulstein Rotaryklubb på eksklusiv omvisning: Eit bygg for framtida hos Kongsberg Maritime
11. november 2024
Vi samlast for hyggelig kaffimøte i godt lag der Thor Martin Eidem held informasjon frå styremøtet tidlegare på kvelden
4. november 2024
Den 4. november møtte Ulstein Rotaryklubb til eit interessant foredrag på Reiten 22, der Lars Erling Bjåstad var invitert til å fortelje om korleis Ulstein kommune jobbar med flyktningar og integrering
28. oktober 2024
Måndag kveld møttest Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubbar til Intercity-møte på Klubbhuset i Hareid. Frå klokka 18:00 til 20:30 var det eit engasjerande program, der måla for Rotaryåret 2024/2025 vart presentert og diskutert.
24. oktober 2024
Vi treng din støtte for å beskytte framtidige generasjonar frå polio. Saman kan vi gjere ein stor forskjell.
21. oktober 2024
Kaffemøte med ymse orientering som er verdt å merke seg framover.