Leiv Arne Grimstad, en erfaren fjellvandrer og forfatter, delte inspirerende opplevelser fra sine pilegrimsvandringer i flere europeiske land, inkludert Norge, Island, Skottland, Frankrike, Spania og Italia.
Ulstein Rotaryklubb fekk denne veka besøk av Leiv Arne Grimstad, ein erfaren fjellvandrar, forfattar og eventyrar, som tok forsamlinga med på ei reise gjennom pilegrimsruter, fjellovergangar og livsrefleksjonar. Temaet for kvelden var «Å vandre pilegrim», og Grimstad leverte eit engasjerande og personleg foredrag som både rørte og inspirerte.
Santiago De Composetela-katedralen
Med utgangspunkt i eigne opplevingar frå vandringar i Noreg, Island, Skottland, Frankrike, Spania og Italia, delte Grimstad historier frå eit liv i rørsle – både fysisk og åndeleg. Han har gått i fotspora til Ivar Aasen frå Oslo til Sunnmøre, kryssa Jotunheimen, og vandra langs den historiske pilegrimsvegen til Santiago de Compostela – ein rute han har gått fleire gonger, både frå Spania og via Frankrike.
Pilgrims skjell. Pilegrimane som skal til Santiago de Compostela i Galicia har som symbol et skjel. Dette kunne finnes på nær havets strand og kunne brukast (både som symbol og i praksis) å hente vann frå bekker og kjelder på veg til den lange og ofte krevande reisa.
Grimstad fortalde levande om møte med menneske frå heile verda, om fellesskapet som oppstår mellom vandrarar, og om korleis natur, kultur og historie smeltar saman langs vegen. Han delte også innsikt i pilegrimstradisjonens røter, og korleis vegane til Santiago blei dei første offisielt anerkjende kulturvegane i Europa.
Med glimt i auga og varme i røysta, tok han oss med til høgfjellssletter i Appenninene, til små landsbyar i Sør-Frankrike, og til katedralen i Santiago – der vandringa kulminerer i ei messe med røykelse og pilegrimsdiplom. Han las også eit eige dikt skrive ved Lago Barrea i Italia, som sette eit poetisk punktum for ei reise prega av undring, slit og glede.
Nokre av medlemanne frå Ulstein Rotaryklubb
Ulstein Rotayryklubb takkar Leiv Arne Grimstad so mykje for foredrag. Her med tidlegare President Stig Ole Borgundvåg
Leiv Arne Grimstad har dokumentert fleire av turane sine i bokform, og kvelden i Ulstein Rotaryklubb vart ei påminning om verdien av å gå – ikkje berre for å kome fram, men for å oppleve, reflektere og finne meining undervegs.
7. november 2022
Kjekk omvisning med Geir Sundal og Torgeir Helvik.
Store utbyggingsplanar og lærerik innføring i Rim Drive (Permanent magnet thrustere).
31. oktober 2022
Historisk besøk på Sunnmøre og til Ulstein Rotaryklubb sin åpning av Rotaryhagen
31. oktober 2022
CEO Olav Haug Vikebakk fortalde om imponerande utvikling og dyktige fagfolk.
17. oktober 2022
Medlemane var særs engasjert ,og vi hadde ein lærerik kveld der kommunikasjonsansvarlig Andrea Øien Sæverud presenterte Søre Sunnmøre Reinhaldsverk
15. oktober 2022
Krabbe og reker i paviliongen på Kari og Njål sitt paradis på Eiksund.
3. oktober 2022
19 spente medlemmer møtte for å få omvisning i Ulstein kommune sin nye brannstasjon. Brannsjef Olav Helt Brubakk var den som tok oss imot og ønskte oss velkommen
29. september 2022
Klubbmedlem og kommunedirektør på Hareid, Ragnhild Velsvik Berge viste oss rundt i bygget.