President Thor Martin Eidem ønskte velkomen og opna møtet for Ulstein Rotaryklubb. Hovudinnslaget denne gongen var eit spennande foredrag av Bjørn Roppen, som representerte selskapet Ava Ocean. Roppen delte innsikt i korleis dei har utvikla teknologi for å plukke kamskjel på ein meir skånsam og miljøvenleg måte.
Ava Ocean har skapt eit revolusjonerande fangstsystem kalla "Ava Ray". Systemet består av ein fangstkurv som opererer like over havbotnen og eit avansert pumpesystem. Pumpesystemet genererer ein vatnstraum som løftar kamskjela skånsamt opp frå botnen. Bifangst og mindre skjell blir straks sortert ut og returnert uskadde til havet. Dette bidrar til å minimere påverknaden på havøkosystemet, noko som er avgjerande for berekraftig drift.
Det var ein topp i fangsten av kamskjel i 1987, då 25 båtar leverte heile 40 000 tonn. Dette fisket kollapsa i 1990, og det vart innført eit totalforbod i 1992. I 2020 fekk Ava Ocean tildelt ei prøvekvote for kamskjelfangst. Dei nyttar no kun skjell som er minst seks år gamle og over seks centimeter i storleik, medan mindre skjell blir sett tilbake i havet. Målet deira er å starte kommersielt fiske i Barentshavet innan første halvår av 2025.
Ava Ocean har saman med sine partnarar også eit prosjekt som retter seg mot kråkebollar. Dette prosjektet har fått 47 millionar kroner i støtte frå Grønn Plattform. Målet er å skape ein berekraftig verdikjede for kråkebollar og bidra til å revitalisere tareskogane langs kysten.
Ulstein Rotaryklubb takkar Bjørn Roppen for eit inspirerande og innsiktsfullt foredrag om korleis teknologi og innovasjon kan skape nye moglegheiter for berekraftig ressursutnytting i havet.
10. mars 2023
Vi ønsker Gourmetkokk Willy Solvang hjartelig velkommen til klubben vår.
13. februar 2023
Trenarane Joakim Dragsten og Ørjan Heiberg fortalde om visjonane dei har med Hødd til komande sesong.
6. februar 2023
Godt oppmøte for foredrag og omvisning holdt av Karen Strand (Rektor).
30. januar 2023
Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.
24. januar 2023
Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.
9. januar 2023
Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.
12. desember 2022
Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.