Medlemsmøte i Ulstein Rotaryklubb – Inspirasjon og gode samtalar.
Måndag 13. januar samla Ulstein Rotaryklubb sine engasjerte medlemmar seg til eit triveleg og inspirerande medlemsmøte. President Thor Martin Eidem innleidde møtet med ei grundig og motiverande orientering om klubbens arbeid og planar framover.
Med stø kurs styrer Presidenten, saman med programleiar Stig Sandanger Riise, klubben mot ei spanande vårsesong. Dei to har sikra eit variert og innhaldsrikt program som garantert vil fenge interesse.
Til alle medlemmar: Hald deg oppdatert i SPOND og hugs å melde deg på komande arrangement!
Etter orienteringa vart det servert kaffi, og praten sat laust rundt borda. Medlemmane fekk høve til å dele tankar, knyte sterkare band og hente inspirasjon frå kvarandre. Det er nettopp dette som gjer Ulstein Rotaryklubb til ein møteplass for både fagleg utvikling og gode vener.
Vi ser fram til ei innhaldsrik tid i klubben – vel møtt til dei neste samlingane!
Foto: Jan Einar Saunes
21. august 2023
Da sparker vi gang med ny sesong, med ny President - Stig Ole Borgundvåg
26. juni 2023
Vår nye President Stig Ole Borgundvåg tok over stafettpinnen etter Arnfinn Godø. Vi fikk samtidig en omvisning og presentasjon av den fantastiske nye turistmagneten Runde Panorama. Kvelden blei avslutta med en nydelig fiskegryte.
19. juni 2023
Magnar Hatløy informerte om ei imponerande bedrift i hjartet av Ulsteinvik
17. april 2023
I dag holdt Thor Martin sin årlige gjennomgang av skattemeldingen, og dei siste endringane i skattesystemet og skattenivået.
10. mars 2023
Vi ønsker Gourmetkokk Willy Solvang hjartelig velkommen til klubben vår.
13. februar 2023
Trenarane Joakim Dragsten og Ørjan Heiberg fortalde om visjonane dei har med Hødd til komande sesong.
6. februar 2023
Godt oppmøte for foredrag og omvisning holdt av Karen Strand (Rektor).
30. januar 2023
Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.