Årets krabbefest!
Vi takkar Kari og Njål for at dei opna heimen sin til årets krabbefest då veret var for ruskete på Eiksund.Vakkert pynta med maritim dekor til krabbe og rekebordet.
Festkomiteen gjorde ein framifrå jobb. Turid laga god salat.
Dagfinn gav oss ei underhaldane innføring i bruk av kraftuttrykk. Rune Garen spelte Irsk pubmusikk på gitaren





22. januar 2018
Yrkesforedrag: Stig Ole Borgundvåg - Skipsdesign fra Rolls-Royce
Stig Ole Borgundvåg fra Rolls-Royce sin designavdeling orienterte om utviklingen av UT og NVC design opp gjennom åra, inkludert Island Victory under bygging for Island Offshore, og Exploration Cruise fartøya til Hurtigruten på Kleven.
15. januar 2018
Kari Løken som er Kommunikasjonsjef Tafjord orienterte oss om moglegheitene på Web og Facebook.
Morosamt og lærerikt for alle medlemer og data-ansvarlege.
President Synnøve Riise takkar med blomar for kurset.
17. desember 2017
Då har vi feira halvgått løp i Rotary-året 2017/2018
Då har vi feira halvgått løp i Rotary-året 2017/2018 med stilfull aperitiff a la Bjarne Wærdahl på Galleriet og fantastisk julemiddag på Folk Spiseri. Tusen takk for alle bidrag så langt, God Jul og Godt Nyttår!
11. desember 2017
Årsmøte 2017
Årsmøte med President Synnøve Riise som orienterte om 2017/18
Blomar og sjokolade til Styret som takk for innsatsen.
Past President Otto Kjetil Nytun orienterte om året 2016/17
4. desember 2017
Bedriftbesøk til Kleven Verft / Omvisning Mærsk Mover
Bedriftbesøk til Kleven Verft sammen med Sula RK.
Ellen Kvalsund og Oddvar Pedersen orienterte om Hurtigruten sine ekspedisjonsskip.
Mærsk Site Manager Simon Wisthus presenterte rederiet og skipet Mærsk Mover med flott omvising ombord.
3. desember 2017
Åpning av Bugardshuken
En flott adventstund på Bugardsmyrane første søndag i advent – med fyring i bålpannene, koking av kakao og julegraut.
Nissen kom også på besøk!
27. november 2017
ULSTEIN ARENA
Fantastisk bygg og lærerik omvising av Rune Urke.
Dette vart ei imponerande bestestove med mange flotte løysingar.
President Synnøve Riise takka Rune for guidinga.
Ho ynskte og velkomen Hilde Maria Nicolaisen som nytt medlem på prøve.
13. november 2017
Klippfiskaften
Presentasjon av Klippfiskboka med Bjørn Gunnar Tafjord og fotograf
Gunnar Wiik. Fantastiske klippfiskretter laga av Tiago Lopez frå
Klippfiskakademiet.
6. november 2017
Den gode samtalen!
Margit Lovise Holte holdt eit glimrende foredrag om den gode samtalen frå Sokrates til vår tid.
Medlemmer med følge fekk mange gode innspel om korleis vi kan kommunisere betre med våre medmenneske.
30. oktober 2017
Yrkesforedrag: Lillian Kleven Breivik - Sparebank 1
Lærerikt om barndom og utdanning.
Orienterte om Sparebank 1 og fremtiden for bankene i Norge.