Sparebank 1 SMN - Ulsteinvik

På kveldens møte med Sparbank 1 SMN i Ulsteinvik vart det lagt stor vekt på framtidsfullmakt, noko som vakte betydeleg interesse blant deltakarane.
Presentasjon, utført av Lillian Kleven Breivik og Wenche Ertesvåg, var både flott presentert og grundig forklart. Emnet vart nøye gjennomgått, og deltakarane fekk eit grundig innblikk i korleis fullmakter kan være til nytte og til betydning i framtida.

Foredrag om framtidsfullmakt holdt av Lillian Kleven Breivik og Wenche Ertesvåg

Interessant tema

Framtidsfullmakt er ei fullmakt som ein person gir i forkant av ein eventuell situasjon der dei ikkje lenger er i stand til å ta avgjerder sjølv. Denne fullmakta gir ein annan person autoritet til å handle på vegner av vedkommande når det gjeld personlege eller økonomiske forhold i framtida.

Takk til Jan Einar Saunes for lån av foto.
2. juni 2014
På besøk hos Hareid Rotaryklubb
Ulstein Rotary på besøk og servering hos Hareid Rotary då vi fekk sjå på deira flotte prosjekt: "Rotarystien".
Video: Jan Einar Saunes
28. juni 2010
Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet
Foto: Njål Vikanes
Video: Jan Einar Saunes
26. april 1963
Charterfesten 26 April 1963
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963