Web Analytics Made Easy - StatCounter

Fellesmøte på Thon Hotel Fosnavåg saman med Herøy Rotaryklubb


Referat fra møtet mellom styret i Ulstein Rotaryklubb, DG og AG  i forkant av fellesmøte (kun for medlemmer): Link


Kort referat fra fellesmøte:

Presidenten i Herøy Rotary, Oddrun Eidem Kleppe starte med å ønske DG: Arvid Blindheim,  AG: Kjell Høydal og medlemmane i Herøy og Ulstein Rotary velkomne.

Deretter delte DG Blindheim ut Paul Harris Fellows til Terje Krogset som har vore aktiv i Rotary i over 40 år. 
Ettersom han er pensjonert banksjef har han hatt vervet som kasserar i Herøy Rotary. 
I tillegg har han vore særs aktiv som frivillig og er mellom anna leseombod på sjukeheimen, leiar i pensjonistforeininga i Herøy og aktivitetsven.

DG innleia etter dette med ein presentasjon av seg sjølv og sitt virke i Rotary. 

Blindheim er opprinneleg frå Sykkylven, men flytta til Vestnes då han var 29 år der han arbeidde som lærar. 
Han fekk då spørsmålet om han ville vere med å etablere ein Rotaryklubb på Vestnes. 
DG har vore aktiv i Rotary i over 40 år. 

Før Blindheim gjekk av med pensjon arbeidde han som fylkeskultursjef i Møre og Romsdal.

DG rosa båe Herøy og Ulstein Rotaryklubb for sitt gode arbeid, og for at dei jobbar aktivt for å styrke Rotary sitt omdøme.
DG er oppteken av at Rotary, som er ein yrkesbasert organisasjon, har høgt fokus på etikk og det å arbeide for eit berekraftig samfunn.

I høve Rotary sitt engasjement for å utrydde polio, så har det hittil i år vore 14 registrerte utbrot hovudsakeleg i Afghanistan og Pakistan. Dette er eit fantastisk resultat med tanke på at då ein starta kampen var det meir ein 350 000 utbrot årleg.

DG oppmoda avslutningsvis alle medlemmane om å delta på The Rotary Convention som i vert arrangert i Hamburg i juni i år.






 
HAV Hydrogen

30. januar 2023

HAV Hydrogen

Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.

Bedriftsbesøk - Jets Vacuum

24. januar 2023

Bedriftsbesøk - Jets Vacuum

Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.

Bedriftsbesøk DIMO

16. januar 2023

Bedriftsbesøk DIMO

Flott foredrag og omvisning i en bedrift i stor vekst!

Kaffimøte

9. januar 2023

Kaffimøte

Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.

Båtbesøk - SMARAGD

12. desember 2022

Båtbesøk - SMARAGD

Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.

Årsmøte 2021/2022

5. desember 2022

Årsmøte 2021/2022

Rekneskap og Årsmelding vart godteke med applaus :)

Julegilde 2022

26. november 2022

Julegilde 2022

Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande

Rikets tilstand - sett fra et politiblikk

14. november 2022

Rikets tilstand - sett fra et politiblikk

Denne kvelden var Ulstein Rotary samlet for å høre foredrag om rikets tilstand fra Oddbjørn Solheim og Hilde Sæter.

Bedriftsbesøk - Kongsberg Maritime AS, avd Ulsteinvik

7. november 2022

Bedriftsbesøk - Kongsberg Maritime AS, avd Ulsteinvik

Kjekk omvisning med Geir Sundal og Torgeir Helvik.
Store utbyggingsplanar og lærerik innføring i Rim Drive (Permanent magnet thrustere).