Web Analytics Made Easy - StatCounter

Besøk på det nye helsehuset på Hareid



Besøk på det nye helsehuset på Hareid


Klubbmedlem og kommunedirektør på Hareid, Ragnhild Velsvik Berge viste oss rundt i bygget.

Kommunen har med dette bygget fått samla fleire viktige funksjonar i same bygg, og det er eit bygg for framtida. 

Helsehuset er på 5200 m2 inkludert parkeringsgarasje, og kosta 160 mill eksl mva.

Overskuddsvarmen frå Batterihuset til fergene gjev varme (9-10 grader) inn til varmepumpe, både til Helsehuset og Rådhuset. Huset bruker ca. 90 kWh/m2 noko som seier at her er veldig lave oppvarmingskostnader. Eit avansert SD-anlegg  gir full kontroll på mange ulike tekniske system. 

I første etasje finn vi kommunen si nye storstove som er det moderne biblioteket. Her er det muligheiter for fleksibel bruk og det er berre fantasien som set grensene. I tilknytning til biblioteket er to gode møterom og ein romsleg korridor, som tilsaman gir eit stort areal for evt felles aktivitet. Kjellaren rommer parkeringshus og ambulanseinngang. 

Vi var innom lokala til legesenteret og helsestasjonen som er kommunen sine interne leigetakarar. I tillegg leiger kommunen ut til Fylkestannlegen og NAV der Hareid er vertskommune for eit samarbeid med Ulstein og Sande. Leigetakarane gir gode tilbakemeldingar på bruken av huset. 

Hareid kommune har no drifta Helsehuset i snart to år og har erfart at det er eit godt bygg å drifte. 

Medlemmane syns det var eit imponerande bygg og takka for ei lærerik omvisning.



 
Charterfesten 26 April 1963

26. april 1963

Charterfesten 26 April 1963

Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...