Denne
kvelden fekk Ulstein Rotaryklubb besøk av Brian Tsuyoshi Takeda, grunnleggjar
og administrerande direktør i det globale selskapet Urchinomics, som har
hovudkontor i Ulsteinvik.
Medlemmane fekk eit særs engasjerande og oppløftande foredrag frå Takeda, som Anna Klara Måseide i Ulstein Næringsforum har omtala som «Ulsteinvik sin kanskje aller fremste berekraftambassadør» (Artikkel i Vikebladet Vestposten 31.05.2022). Tittelen på foredraget var “Ecologically restorative urchin aquaculture” – som handlar om selskapet sin kråkebollebusiness som har som formål å sikre berekraftig matproduksjon, innovasjon og profitt som fiansiering gjenoppretting av tareskogen og økosystemet i havet. Ei sentral målsetjing er å ha lokal oppdrett og produksjon, slik at ein ikkje treng fly- eller båttransport for å nå ut i marknadane.
Takeda innleia sitt foredrag med å vise til at tareskogen er kloden sitt viktigaste og mest verdifulle økosystem. Diverre har overfiske av steinbit, torsk og andre artar som et kråkebollar ført til at kråkebollebestanden har eksplodert. Kråkebollane har skarpe tenner som klarer å knuse det meste, og dei et og beiter ned alt på sin veg. Det har ført til «kråkebolleørknar» langs kysten vår frå Trondheim og nordover. Når kråkebollane ikkje lenger får næring, så et heller ikkje fisken dei, noko som gjer at fisken også forsvinn frå desse områda.
Ifølgje Takeda er 40% av tareskogen i Noreg borte, og 5000 kvadratkilometer av norskekysten har mista tareskogen sin på grunn av kråkebollane, og det er spesielt den grøne arten som gjer skade. Dette er alvorleg fordi den økonomiske verdien av tareskogen er 30 gongar høgare enn tropisk skog og 50 gongar meir enn barskog. Takeda meiner difor at det er eit paradoks at fleire land sender store pengesummar til Brasil for å redde regnskogen, når ein med enkle grep kan redde økosystema i havet som bitt store mengder CO2.
Urchinomics sin forretningside er å fange tomme kråkebollar og omplassere dei i landbaserte oppdrettsanlegg, der dei vert fora. Det tek 6-12 veker å fore opp ein kråkebolle, og etter dette kan kråkebollen seljast som delikatesse på butikkar og restaurantar i mellom anna i austen. Rogna, som utgjer 15% av kråkebollen, er ettertrakta og smakar som ei blanding av kaviar, smør og nøtter.
Det utrulege er at etter 3-7 månader med hausting av kråkebollar, så har ein gjennoppretta tareskogen, og fisken og andre artar kjem attende. På kvar tareplante lever små mikro predatorar som et kråkebolle ynglar. Desse predatorane er også mat for fisk. Tareskogen er også viktig fordi den også binder CO2 og hindrar erosjon.
Selskapet kjøper kråkebollar mellom anna av fiskarar og betalar kring 2-5 dollar for ein tom kråkebolle, som dei så forar opp og sel for 40-60 dollar etter 6 veker. I 2020 såg ein ei 40-70% auke i prisen, som fortsatt stig. På grunn av handelsforbodet mot Russlang er no kråkebollar verdas dyraste sjømatprodukt
Forretningskonsptet er også særs lønsamt fordi ein kan selje karbonkvoter til til dømes olje- og shippingselskap. Apple kjøpte CO2 kvoter av kråkebollenæringa for 534 EUR per tonn i Japan. Dette inneber at kråkebollenæringa og oljenæringa saman kan restaurere marine økosystem utan statsstøtte eller tilskot.
Selskapet har som målsetjing og vekse og bli ein stor global aktør, raskast mogleg. Dei har samarbeid med forskarar og sentrale myndigheiter over heile verda. Dette fordi det hastar med å gjere noko om ein skal redde kloden vår. Teknologien som selskapet nyttar fungerer godt på den nordlege jordkula, og selskapet ønsker å teste ut teknologien i mellom anna Australia og New Zealand. I tillegg til forskarar og myndigheiter, har selskapet har fått mektige aktørar som Walmart, FN, WHO og World Economic Forum på laget. Selskapet er eitt av tre kommersielle verksemder som har vorte godkjende av FN`s Ocean Decade.
Avslutningsvis peikte Takeda på at Noreg med sin leiande sub-sea teknologi, har eit enormt potensiale til å verte verdsleidane innan fangst av kråkebollar og restaurering av økosystemet. Han viste til at det er kring 530 millionar europearar som spiste kråkebollar i «gamle dagar», noko som gjer at dette konseptet berre vil vekse.
Presidenten
avslutta kvelden med å takke Takeda for ein flott presentasjon, som skapte
stort engasjement og entusiasme hjå Ulstein Rotary sine medlemmar.
Referat: Ingunn Hestnes (Sekretær) / Bilder: Jan Einar Saunes / Web: Stig Ole Borgundvåg (CICO)
15. januar 2018
Morosamt og lærerikt for alle medlemer og data-ansvarlege.
President Synnøve Riise takkar med blomar for kurset.
17. desember 2017
Då har vi feira halvgått løp i Rotary-året 2017/2018 med stilfull aperitiff a la Bjarne Wærdahl på Galleriet og fantastisk julemiddag på Folk Spiseri. Tusen takk for alle bidrag så langt, God Jul og Godt Nyttår!
11. desember 2017
Årsmøte med President Synnøve Riise som orienterte om 2017/18
Blomar og sjokolade til Styret som takk for innsatsen.
Past President Otto Kjetil Nytun orienterte om året 2016/17
4. desember 2017
Bedriftbesøk til Kleven Verft sammen med Sula RK.
Ellen Kvalsund og Oddvar Pedersen orienterte om Hurtigruten sine ekspedisjonsskip.
Mærsk Site Manager Simon Wisthus presenterte rederiet og skipet Mærsk Mover med flott omvising ombord.
3. desember 2017
En flott adventstund på Bugardsmyrane første søndag i advent – med fyring i bålpannene, koking av kakao og julegraut.
Nissen kom også på besøk!
27. november 2017
Fantastisk bygg og lærerik omvising av Rune Urke.
Dette vart ei imponerande bestestove med mange flotte løysingar.
President Synnøve Riise takka Rune for guidinga.
Ho ynskte og velkomen Hilde Maria Nicolaisen som nytt medlem på prøve.
13. november 2017
Presentasjon av Klippfiskboka med Bjørn Gunnar Tafjord og fotograf
Gunnar Wiik. Fantastiske klippfiskretter laga av Tiago Lopez frå
Klippfiskakademiet.
6. november 2017
Margit Lovise Holte holdt eit glimrende foredrag om den gode samtalen frå Sokrates til vår tid.
Medlemmer med følge fekk mange gode innspel om korleis vi kan kommunisere betre med våre medmenneske.
30. oktober 2017
Lærerikt om barndom og utdanning.
Orienterte om Sparebank 1 og fremtiden for bankene i Norge.
20. oktober 2017
Topp innsats av festkomiteen.
Opptak av nytt medlem Ragnhild Velsvik Berge - rådmann i Hareid.