Entek Group AS er eit teknologiselskap som består av to driftsselsskap: Evotec as og Brimer ServiTech as. Selskapet har 170 tilsette som er omtrentleg likt fordelt på lokasjonane Kvamsøy, Sjøholt og Ulsteinvik. Verksemda er eit vekstselskap og har eit stort fokus på å levere effektive og berekraftige løysingar til sine kundar. Verksemda er representert i mange marknadssegment som: vatn og avlaup, fiskeri og industri, oppdrett, seismikk, offshore, maritimt, forskings og ettermarknad. Selskapet Brimer Servitech AS er eit teknologiselskap med hovudaktivitet knytt til tenester, utstyr og entreprisar retta mot det kommunaltekniske markedet, landbasert oppdrett, og fiskebearbeiding og industri. Dei leverer mellom anna høgdebasseng, glasfibertankar, vatn og avlaupshandsamingsutstyr og rørinstallasjonar, tankssystem for oppdrett på land. Selskapet Evotek leverer i hovudsak utstyr til maritim industri og segmentet akvakultur. Dei leverer handteringssystem som på ein effektiv måte skal sjøsette og få utstyret ombord att på skipa. Dei leverer til dømes «launch and recovery systems» for ROV og AUV, og A-rammer og vinsjar. Verksemda leverer slike system til offshore- og vindskip, og seismikkskip. Dei leverer også til fiskerisektoren, forskingsfartøy, og til forsvarssegmentet. Ettersom nærleik til kunden er viktig for verksemda, tilbyr dei også sine produkt og tenester gjennom eit ettermarknadstilbod, som gjev bistand 24/7. Når det gjeld vidare utvikling og vekstmoglegheiter meiner Haanes at ein fellesnemnar framover vil vere automasjon, overvaking, og digitalisering. Entec Group analyserer heile tida marknadssituasjonen og kva moglegheiter dei har til vidare vekst. Haanes fekk overrekt blomar frå presidenten som takk for gjestfriheita og eit særs engasjerande foredrag.
Meir informasjon om verksemda finn du her: https://entec.no/
17. april 2023
I dag holdt Thor Martin sin årlige gjennomgang av skattemeldingen, og dei siste endringane i skattesystemet og skattenivået.
10. mars 2023
Vi ønsker Gourmetkokk Willy Solvang hjartelig velkommen til klubben vår.
13. februar 2023
Trenarane Joakim Dragsten og Ørjan Heiberg fortalde om visjonane dei har med Hødd til komande sesong.
6. februar 2023
Godt oppmøte for foredrag og omvisning holdt av Karen Strand (Rektor).
30. januar 2023
Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.
24. januar 2023
Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.
9. januar 2023
Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.
12. desember 2022
Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.