Kystverket
Tema for kystdirektøren sitt foredrag denne kvelden var Kystverket si verksemd, Stadt Skipstunnel og Kystverket som aktør for havorvervaking og oljevernberedskap.
Kystdirektøren innleia sitt foredrag med å minne om at Noreg er ein betydeleg havnasjon og at velferdsstaten vår er tufta på ressurssane i havet og hamnene våre. Noreg sine havområde er 7 gongar så stort som landarealet vårt. Heile 90 % av importen og eksporten til landet går via sjøtransport.
Hovudmåla
til Kystverket er:
·
Framkome – sikre betre framkome for
personar og gods i heile landet
·
Transportsikkerheit – redusere talet på
transportulykker
·
Klima og miljø redusere
klimagassutsleppa
·
Beredskap mot akutt forureining –
hindre og avgrense miljøskade ved akutt forureining, eller ved akutt fare for
slik forureining.
Kystveket si verksemd
Kystverket er ein transportetat som ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.
Deira hovudansvar er å syte for for sikker og effektiv ferdsel i farleier langs kysten og inn til hamner, og sørge for ein nasjonal beredskap mot akutt forureining. Verksemda er samla i fagmiljø/ funksjonar under same leiing og med eit solid fotavtrykk i heile landet.
Dei
viktigaste oppgåvene til Kystverket er:
·
Utvikling
og vedlikehald av farleier
·
Fyr- og
merketenester
·
Trafikksentraltenester
·
Lostenester
·
Meldingstenester
og navigasjonsvarsel
· Statleg beredskap mot akutt forureining
· Utgreiing og transportplanlegging
· Hamnesikkerheit (ISPS)
For å løyse desse nasjonale oppgåvene, samarbeider Kystverket breitt med andre offentlege etatar med ansvar for sikkerheit, transport og beredskap på avgrensande område. Desse etatane inkluderer mellom anna Politiet, Sysselmannen, Toll, Økokrim, Sjøfartsdirektoratet og Fiskeridirektoratet med fleire. Kystverket er også særs aktive i internasjonalt arbeid innan deira fagfelt.
Kystverket har ansvaret for 22 000 navigasjonsinnretningar langs kysten, som er heilt sentrale for sjøsikkerheita. Desse innretningane krev mykje vedlikehald. For å redusere sitt ULSTEIN ROTARYKLUBB Stifta 1963 klima- og miljøvavtrykk er navigasjonsinnretningane laga av kompositt materiale, har ledlys og blir drivne av solceller.
Rederiverksemda til Kystverket har også hybridfartøy, som kan gå opptil 10-14 timar på batteri.
Losverksemda til Kystverket har lang tradisjon og feira 300 år i fjor. Det er losplikt i Noreg og lostenesta er ei brukarfinansiert ordning,som kvart år gir kring 900 MNOK i inntekter. Det er 300 statslosar i Noreg som utfører omlag 40 000 oppdrag i året. Det er 25 losstasjoner plassert langs heile kysten i Noreg, og tenesta er operativ 24 timer i døgnet, heile året.
Oljevern og miljøberedskap
Kystverket har ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining. Formålet med beredskapen er å verne om liv, helse, naturmiljø og næringsinteresser til sjøs og på land.
Kystverket har vaktlag som er på 24/7 og kan spele på mange ressursar langs kysten, derunder depot langs kysten, tilgjengeleg skip på Svalbard og fleire interkommunale utval. Kystdirektøren erfarer at skipa som ferdast langs kysten vår har fått betre standard og i tillegg er det betre navigasjonsstøtte, utstyr og skipsberedskap.
Ved hendingar som inneber fare for eit stort tilfelle av akutt forureininga kan Kystvekret setje statleg aksjon – det inneber at staten ved Kystverket hanterar aksjonen, og tek leiinga av aksjonen både på sjøen og istrandsona. Kystverket har i slike tilfelle mynde til å pålegge verksemder og kommunen om å stille utstyr og personell til rådigheit.
Trass i at utviklinga er positiv, har det likevel vore fleire dramatiske redningsaksjonar dei siste åra. Kystdirektøren viste mellom anna til Northguider (havari ved Svalbard), Helge Ingstad, Viking Sky og Eemslift Hendrika. Dette var alle dramatiske havari, med stor risiko for både menneskeliv og miljøet.
Kystverket er også ein sentral aktør i BarentsWatch som er havovervaking i nordområda. I dette samarbeidet inngår ti departement over 20 forvaltningsetatar og forskingsinstitutt. Målet er å gjere offentlege data tilgjengelege for myndigheiter, næringsliv og enkeltpersonar, slik at norske hav- og kystområde kan forvaltast på ein effektiv, berekraftig og godt koordinert måte.
Kystverket er byggherre for arbeidet tunnelen som vil styrke skipssikkerheita og regulariteten til sjøtransporten langs kysten. Stadthavet er blant dei mest værutsette og farlegaste havstrekka i Noreg. Dette sikkerheitstiltaket vil ha store ringverknader også for næringslivet.
Det er 19 potensielle hovudentreprenørar og enno fleire underleverandørar. Dette vil vere ein stor jobb der ein mellom anna må legge om eksisterande vegar, bygging av konstruksjonar i tillegg til arbeidet med sjølve tunnelen. Ei utfordring er korleis ein skal løyse mottak på land av dei enorme massane ein skal ta ut frå fjellet.
Planen er at arbeidet skal lysast ut på anbod i løpet av 2. halvdel av 2022 med byggestart i slutten av 2023.
Ulstein Rotaryklubb, ved president Thor Martin Eidem, takka Einar Vik Arset for eit særs interessant foredrag, og avslutta med å overreke ein blomsterbukett til kystdirektøren.
9. oktober 2017
Fellesmøte med Herøy Rotaryklubb.
God mat og hyggelig omtale av Ulstein Rotaryklubb!
Årets slogan er: ROTARY MAKING A DIFFERENCE
7. oktober 2017
Tette veggar og god stemning på dugnaden.
Kjekke kara frå Kompetansesenteret hjelpte og til.
President Synnøve Riise serverte kaffi og kaker som vi kosa oss med.
2. oktober 2017
Gjenvinning: Rune Brandal hadde fått tak i tre internationale gjester til møtet i Ulstein Rotay. President Synnøve Riise ønskte dei velkomen.
30. september 2017
Då fekk alle dei frammøtte på dagens dugnad legge never og torvtak for første gong i sitt liv.
Tett tak!
25. september 2017
Glimrende foredrag om nye Hurtigruten Expedition skip som er under bygging på Kleven Verft
President Synnøve Riise takkar Nils Peter Pilskog.
24. september 2017
Bilder fra distriktskonferanse på Hafjell hvor President Synnøve Riise og Sekretær Ingunn Granberg Hestnes var i lag med 170 andre inspirerte medlemmar frå Rotary Distrikt 2305!
19. september 2017
Jan Haraldsvik gav oss eit særs lærerikt og interessant innsyn i Statoil og oppbygginga av Trollfeltet.
16. september 2017
Då er Bugardshuken avstiva og klar til ein forsmak til publikum.
Kom gjerne og prøvesitt!
11. september 2017
Tretak ferdig på Bugardshuken!
Dugnad assistert av
6 kjekke kara frå Kompetansesenteret.
God kaffi og kaker fra Turid Tranvåg.
6. september 2017
Med pågangsmot, innsatsvilje, god tru og ei solid dose sjølvtillit er det meste mogeleg. Etter berre to byggtekniske dugnadar hittil i september, er vi særs nøgde framdrifta i gapahukprosjektet Bugardshuken!