Past President Lidun Hareide overlet roret til President Thor Martin Eidem.
Det var lagt
opp til rekecruise med Hindholmen, der klubben spanderte reker m.m., og
medlemmane hadde med seg drikkevarer.
Det vart ein flott tur frå Ulsteinvik og ut til Grasøyane fyr og tilbake. Det var fint ver, så ein kunne sitje ute og nyte utsikta, naturen og sjølufta.
Ved
Grasøyane fyr vart presidentskiftet gjennomført. Lidun Hareide vart takka av som president
etter eit år der klubben har fått til mykje, og Thor Martin Eidem overtok som
president for det neste året med gode prosjekt å arbeide vidare med.
Det tilbakelagde året har vore eit bra år for Ulstein Rotary. Mesteparten av året har det vorte gjennomført møte med gode program og fleire prosjekt som er sette i gong. Døme på gode prosjekt som klubben har fått vedtatt/sett i gong er, eigne vedtekter, Rotary – hagen i Holsekerdalen, og surstoffdonasjon til Mombai/India. Det er også muleg at Rotary-klubben i Mumbai og Ulstein Rotary-klubb kan verte vennskapsklubbar/samarbeide som t.d. Global Grant.
Referat: Eldrid Vik (Sekretær) /Bilder: Jan Einar Saunes & Stig Ole Borgundvåg
17. april 2023
I dag holdt Thor Martin sin årlige gjennomgang av skattemeldingen, og dei siste endringane i skattesystemet og skattenivået.
10. mars 2023
Vi ønsker Gourmetkokk Willy Solvang hjartelig velkommen til klubben vår.
13. februar 2023
Trenarane Joakim Dragsten og Ørjan Heiberg fortalde om visjonane dei har med Hødd til komande sesong.
6. februar 2023
Godt oppmøte for foredrag og omvisning holdt av Karen Strand (Rektor).
30. januar 2023
Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.
24. januar 2023
Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.
9. januar 2023
Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.
12. desember 2022
Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.