Zoom-møte med Rotaryklubb Bombai Queen City - Mumbai
På dagens kaffemøte fekk vi en spennande overrasking - Det var nettsamtale med medlemmar i "Rotary club of Mombay Queen City" (District 3141 - Mumbai)
Dei orienterte om situasjonen i India/Mumbai. Det vart også teke opp om det er muleg å få til eit samarbeid mellom klubbane, Global Grandt t.d., klubbane kan verte vennskapsklubbar o.l.
Akshat Gupta var med på møtet og orienterte om forholda i India, og samarbeidet i klubbane om oksygenapparatet til India, der Ulstein Rotaryklubb har gitt 5000 kr.
5 minutt med Turid Tranvåg – Turid fortalde om korleis det var å kome til Ulsteinvik i 1978 som nyutdanna tannlege, og si historie fram til no. Interessant å høyre!
21. oktober 2018
Ulstein Rotaryklubb stilte med 11 bøsseberarar under årets TV-aksjon for Kirkens Bymisjon: Mindre Alene Sammen! ❤️
21. oktober 2018
Vi takkar Kari og Njål for at dei opna heimen sin til årets krabbefest då veret var for ruskete på Eiksund.
Vakkert pynta med maritim dekor til krabbe og rekebordet.
15. oktober 2018
Kaffimøte med orientering av President Finn Ove Kvalsvik.
Presentasjon av monumentet som Ulstein Rotary har tatt initiativ til i høve Hødd sitt 100 års jubileum.
Dette blir vakkert !
7. oktober 2018
Med vérgudane på vår side vart det godt oppmøte og ei særs vellukka opning av Lisjevatnhuken i dag!
Kultursjef Leif Ringstad klippte snora, og ikke minst ble Lindor Skeide tildelt den prestisjetunge Paul Harris Fellow prisen!
1. oktober 2018
President 2018/2019
Finn-Ove Kvalsvik med Presidentens time om målsetnadar og oppgåver i året som kjem.
24. september 2018
Past President Synnøve Riise takkar Unni Takseth for eit gjevande kåseri om dugnadsånda i dagens travle samfunn. Avslutningsvis las ho dikt om freistande frukter i Edens hage.
10. september 2018
Lisjevatnhuken ferdig i kveld rett før vi mørkna ute. Bord, benkar og steingolv vart fint.
Topp arbeidslyst med god kaffi og vafler til.
3. september 2018
Lisjevatnhuken dugnad i kveld med legging av heller.
God kaffi og kaker fra Turid og Voitto.