Vi har
overlevert første byggetrinn av Rotaryhagen!
Måndag før 17.mai hadde vi eit langt dugnadsmøte i Rotaryhagen i Holsekerdalen 20 for å klargjere hagen til feiringa. Flaggstanga var alt på plass, og dei vel 20 kumringane vi skulle plante i var utplasserte og malte, og i ein del av dei var det fylt grus i botnen. På ein kveld skulle det fyllast på grus, leggast duk, så fyllast på jord før alle ringane skulle fyllast med jord og planter. Otto Kjetil og eg var litt urolege for om det ville kome nok folk til å få landa prosjektet, men Rotarianarar møter opp og står på når det gjeld, og hagen vart ferdig og veldig fin!
Vi er også svært takksame for arbeidet «Til hjelp for andre»-klassene ved Ulstein ungdomsskule har gjort. Flinke jenter har møtt opp og har hjelpt oss med å male kummane, med å fuge med silikon for å hindre jord i å renne ut av beda, og med å fyle på grus og jord og plante. Så flinke og blide jenter skal ein leite lenge etter! Når det endelig bløma i alle ringar, fekk eg æra av å overlevere hagen til leiar av Holsekerdalen 20, Gunn Hofset og til brukarane. Dei takka oss for den nydelige hagen, og inviterte oss på kaffi og kaker.
Lidun Hareide
President
Gjennom valfaget «Innsats for andre», har elevane møtt på dugnadane ved Holsekerdalen 20 og gjort en fantastisk innsats! Live Kristiansen (f.v.), Anette Håskjold og Thale Henriksen
23. august 2021
Rotaryklubbene i Hareid, Ulstein og Herøy fekk besøk av Distrikts guvernør Hans Olav Osbak
21. juni 2021
Past President Lidun Hareide overlet roret til President Thor Martin Eidem.
7. juni 2021
Vi hadde ein «enkel kosedugnad i Rotarhagen». Vi fylte på med mold i plantekara, lyfta opp ein del av plantene så dei synest betre, kosta og ordna litt.
31. mai 2021
På dagens kaffemøte blei medlemmene overrasket av et kjekt nettmøte med en Rotaryklubb i India i samband med at URK sammen med "From you 2 them" og gjennom Rotaryklubben i India har bidratt med et oksygenapparat.
Turid Tranvåg holdt 5 minutter.
12. mai 2021
Lidun og Hiljerd har i dag fylt på med jord og fleire blomar i kumringbeda.
10. mai 2021
Etter dugnaden i dag overleverte Ulstein Rotaryklubb første byggetrinn av ein vakker og tenleg hage – som vi i fellesskap med fleire samarbeidspartnarar har fått laga til glede for bebuarane i leilegheitskomplekset.
9. mai 2021
Ein hage som kan stimulere sansar og minner, men som også kan fungere som motivasjon til å rusle seg ein liten tur, og der det er tilrettelagt for koselege sitteplassar.
3. mai 2021
I dag besøkte vi Dalsfjord Fyrmuseum, og fekk en flott omvisning av Frode Pilskog.
26. april 2021
Ulstein Rotaryklubb hadde i dag ekstraordinært årsmøte for å vedta våre nye Retningslinjer og Vedtekter.