· Flaggstang
· Roser
· Frukttre
· Bærbusker
· Rhododendron
Utearealet sett mot aust mot porten
Utearealet sett mot vest
GJennomføring/byggetrinn 1:
Vi har engasjert Hiljerd Holt Myrene til å teikne hagen i tråd med bebuarane og dei tilsette sine ønsker. Det aller første som kom på plass i hagen er flaggstanga, akkurat i tide til alle flaggdagane i mai.
Otto Kjetil og Bjørn Eldor Nytun har akkurat reist
flaggstanga
I tillegg set vi i fyrste byggetrinn ut benkar, og planter
roser, pionar, rhododendron, hortensia, bærbusker, frukttre liljer og
sommarblomar. For å ta vare på asfaltunderlaget, har vi valt å sette opp
gråmalte kumringar i ulike storleikar, og fylle desse med singel, jord og
planter. Til å male kumringane, fuge overgangen mellom ring og asfalt og til å
fylle dei med singel, fekk vi svært god hjelp av ungdommar ved Ulstein ungdomsskule
som har faget «Innsats for andre». Heile 20 jenter møtte på dugnad på tysdagen,
og to på laurdag, og vi er svært takksame for den flotte innsatsen jentene
gjorde!
Ingunn Hestnes fyller singel i kumringane
Arnfinn Godø, Synnøve Riise og Lidun Hareide hadde det
kjekke oppdraget å handle blomar for 50 000 kroner. Ein stor hengar og
Lidun sin bil vart fylt med blomar, som snart skal plantast ut i kumringane.
No står det att å fylle jord i kummane og plante i, så Holsekerdalen 20 får ein blømande hage til 17.mai! Men dette er berre første byggetrinn, så nos tartar arbeidet med å samle inn pengar til neste byggetrinn, som blir plantekasser og benkar langs veggane, utestue og område til kvardagsrehabilitering. Har du lyst å bidra, kan du støtte oss på spleis.
Sponsorer Rotaryhagen byggetrinn 1 |
|
Ulsteinvik, Hasund/Sundgot og Haddal
Sanitetsforening |
50 000,00 |
Rotary District Grant |
30 000,00 |
Sparebank 1 Søre Sunnmøre |
100 000,00 |
SPLEIS Sparebank 1 (fra beboere i Ulsteinvik) |
|
Sparebanken Møre (venter på svar) |
|
180 000,00 |
|
Aurvoll & Furesund |
Transport |
Ulshav |
Kasser, benker og arbeid |
Dugnadstimer Ulstein Rotaryklubb |
|
Dugnadstimer Ulsteinvik Ungdomskule Hageland Tilseth, Volda Pekas, Gurskøy OBS Bygg Ulsteinvik |
6. november 2023
Presentasjon av landbruket i Ulstein av avdelingsleder hos Landbrukskontoret; Anne Kathrine Løberg, med påfølgende besøk i det hypermoderne fjøset til Jonas Flø.
5. november 2023
Etter invitasjon frå Ulstein Sokn, deltok Ulstein Rotaryklubb søndag kveld 05.11.23 med å markere solidarisk støtte til sivile som er offer for krig i Ukraina og Midtausten.
29. oktober 2023
Strandrydding frå Ivarfjøra til Gåsneset og Roppesanden. 120kg avfall rydda av ein entusiastisk gjeng.
24. oktober 2023
24. oktober er den årlige poliodagen på verdsbasis og dette er Hareid- og Ulstein Rotaryklubb sitt initiativ for å synliggjøre Rotary International sin omfattende kamp for å utrydde polio. Målet er en poliofri verden.
23. oktober 2023
I kveldens duskregn vart Rotaryhagen i Holsekervegen 20 gjort klar for vinteren.
16. oktober 2023
Leif Bjørndal holdt en lærerik og interessant presentasjon av Bjørndals Minne om historisk tilbakeblikk, status per dato og planer framover.