Yrkesforedrag med Johannes "Bassa" Kristian Bjøringsøy

Først kort informasjon frå president Lidun Hareide om førebuing til årsmøte 14.12. og om julebord på Folk 18.12.
Så heldt Johannes Kristian Bjøringsøy (Bassa) sitt yrkes/egoføredrag. Tittelen på føredraget var» Kvit og privilegert».
Større deler av presentasjonen til Johannes vil snart bli lagt ut her: LINK TIL PRESENTASJON
Johannes Kristian Bjøringsøy, er mest kjend som Bassa. Han vaks opp og budde på Leikong før han flytta til Ulsteinvik i 2007. Han er gift med Siv som også er frå Leikong. Dei har 4 barn og 8 barnebarn.
Han har gått på ingeniørhøgskule/elektro, og jobba mellom anna ved Ulstein/Hatløy og Ulstein.
Bassa er interessert i amatørteater, musikk, båtliv, fjellturar og familien har hytte på Grotli, ei hytte dei brukar mykje. Han har også hatt verv som styreleiar og styremedlem.
Bassa er dagleg leiar i bedrifta Sebastian AS
Målet er å vere best på kompetanse og kvantitet for å sikre maritime operasjonar over heile verda. Hovudkontoret er i Ulsteinvik, elles har dei kontor i Rio de Janeiro og Shanghai.
Dei har oppdrag over heile verda, t.d. Europa, Asia, Brasil, og store kundar som Samsung/verft, Transocean, Teekay, Boa-shipping/Trondheim og Constellation/Brasil.
Dei har jobba med mange og store båtar og riggar og oljeselskap over heile verda, der den tekniske og operasjonelle ekspertisen har vore heilt avgjerande. Dei har fått svært gode skussmål.
Det har vore oppturar og nedturar, nedturar ikkje minst i vanskelege tider. Men, dei er optimistar , trur på framtida, og står på. Ein må ha trua!
Referat: Eldrid Anne Vik (Sekretær) / Foto:Jan Einar Saunes







2. juni 2014
På besøk hos Hareid Rotaryklubb
Ulstein Rotary på besøk og servering hos Hareid Rotary då vi fekk sjå på deira flotte prosjekt: "Rotarystien".
Video: Jan Einar Saunes
28. juni 2010
Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet
Foto: Njål Vikanes
Video: Jan Einar Saunes
26. april 1963
Charterfesten 26 April 1963
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963