CSO Founder Hogne Hallaråker heldt føredraget om bedrifta og om Arctic Caviar Protein, Romega. Her sammen med President Lidun Hareide.
I dag var Ulstein Rotary på bedriftsbesøk hos bioteknologiselskapet Arctic Nutrition i Hovdebygda.
Arctic Nutrition framstiller blant annet kosttilskot av silderogn.
Det var ein svært lærerik og interessant kveld, der vi fekk mykje kunnskap om oppbygging av selskapet, plan om ny flott fabrikk, omfattande forskning, og Romega silderognekstrakt sine gode verknader på helsa vår.
Eit svært godt og lærerikt føredrag, kor fleire av dei frammøtte troleg dro rett heim for å bestille Romega!
10. september 2018
Lisjevatnhuken ferdig i kveld rett før vi mørkna ute. Bord, benkar og steingolv vart fint.
Topp arbeidslyst med god kaffi og vafler til.
3. september 2018
Lisjevatnhuken dugnad i kveld med legging av heller.
God kaffi og kaker fra Turid og Voitto.
27. august 2018
Foredrag med Gerd Vik Flø om barneheimen Suwalkis Venner og overrekking av overskot frå lotteriet forrige møte.
20. august 2018
Inviterer til kaffimøte måndag 20.08.18 kl. 19:00-20:00 på Quality Ulstein Hotell.
Program:
Deling av gode ferieminner
Forventingar til det nye året
Vinlotteri til inntekt for Suvalkis Venner.
3. juli 2018
Nok ein vellukka dugnad med beising, ny takrenne, møbelmontering og hellesanking. I matpausa vanka det nybakt kveitekringle a la Gro Brandal!
25. juni 2018
Då takkar president 2017/2018 -Synnøve Riise - for eit kjekt og berikande Rotary år og overlet stafettpinnen til Finn-Ove Kvalsvik. Lykke til!
18. juni 2018
Fast monterte benkar med bord.
God stemning i dugnadsgjengen og President Synnøve serverte kaffi med gode wienerbrød.
11. juni 2018
Gapahuk Lisjevatnet ferdig og riggar fint. Dugnad på benkar og steinlegging står att.
Dette vart flott og gav god livd for nordavinden.
Høg motivasjon og god stemning i Dugnadsgjengen.
4. juni 2018
Idar Overvåg hjalp til på dugnaden som representant fra Skeide Grunneigarlag.
Dette byrjar å rigge pent i landskapet.
Det ble servert god kaffi med kaker, som seg hør og bør!
28. mai 2018
Godt arbeid med kaker og kaffi.
Nydelig ver og god stemning.