Web Analytics Made Easy - StatCounter

END POLIO NOW! - Gi ditt bidrag 24 oktober



Gir du et bidrag på 100 kroner så gir Bill Gates Foundation 200kr ekstra, slik at du totalt faktisk bidrar med 300kr! - GI DITT BIDRAG PÅ VIPPS NUMMER 562340  



Ulstein Rotaryklubb markerer verdas poliodag 24.10. på Amfi Ulsteinvik (VIPPS: 562340)

Poliomyelitis, eller polio, er ein sjukdom som lammar og drep born. Polioviruset invaderer nervesystemet og kan gjere at barnet vert heilt paralysert på få timar. Menneske i alle aldrar kan få polio, men primært råkar sjukdommen born under fem år. Det finst ingen kur mot polio, men vi har effektive vaksiner. Rotary har vore aktiv i å nedkjempe polio sidan 1978. I 1988 var det 350.000 tilfelle fordelt over 124 land, og 1000 nye born vart smitta kvar einaste dag.

 

No er polio er utrydda i 99,9% av verda. Kun to land har no smitte: Afghanistan og Pakistan. Dette er land Noreg har mykje kontakt med, og smitta er difor kun ei flyreise unna. Du kan vere smitteberar utan å få sjukdommen sjølv.

 

På verdas poliodag markerer Ulstein Rotaryklubb at kampen mot polio enno ikkje er vunnen. Vi sel pins, delar ut foldarar og informasjon, og tek imot pengegåver til kampen mot polio på Amfi Ulsteinvik mellom kl. 12 og 14.

 

Til no har Rotary samla inn meir enn 2,5 milliardar dollar til kampen mot polio, og vi gir oss ikkje før kampen er vunnen. Med på laget har vi store navn som Bill & Melinda Gates Foundation. For å vinne kampen må vi vaksinere 430 millionar born og unge årleg, og vaksne må hugse å revaksinere seg. Hugs at poliovaksinen varer kun i 10 år!


https://www.endpolio.org/







 
Besøk hos ÅKP i Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK)

28. februar 2022

Besøk hos ÅKP i Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK)

Vi var i dag så heldige å få besøke Ålesund Kunnskapspark.

RIB Turisme og Statistikk

14. februar 2022

RIB Turisme og Statistikk

Kjell Olav Kleppe er RIB båtførar og viste flotte bilder frå turane sine.
Rune Garen heldt 10 min om statistikkens viderverdigheter med ei god humoristisk vinkling.

Bedriftsbesøk ENTEC Group

7. februar 2022

Bedriftsbesøk ENTEC Group

CEO Håvard Haanes ENTEC Group presenterte bedrifta i Saunesmarka.
Lærerikt foredrag om produksjon og utvikling av tankar, vinsjar.

Besøk på Skaparhuset

31. januar 2022

Besøk på Skaparhuset

Kjersti Kleven med flott presentasjon av Skaparhuset, og planene fremover

Kaffimøte

17. januar 2022

Kaffimøte

Kaffimøte med informasjon om SPOND

Helge Gjerde frå Innovasjon Norge

10. januar 2022

Helge Gjerde frå Innovasjon Norge

En særs interessant kveld om Innovasjon Norge sitt arbeid lokalt, nasjonalt og globalt.

Årsmøte 2020/2021

13. desember 2021

Årsmøte 2020/2021

Årsmøtet gjekk strålande med gode presentasjonar og resultat.
President Thor Martin Eidem kunne vidare orientere om at Lidun Hareide er nominert til Distriktsguvernør 24/25
Med seg får ho Synnøve Riise som Executive Secretary.

Oceantec AS

6. desember 2021

Oceantec AS

Bedriftsbesøk med eigarane Elisabeth Tuvnes og Ronny Kristiansen

TUSSA IKT

30. november 2021

TUSSA IKT

Steinar Hauge og Ivar Driveklepp frå Tussa IKT presenterte bedriften og den fantastiske utviklinga gjennom 20 år, der Sunnmøre blant annet har fått en rekordstor fiberdekning.

Forefrag av Direktør i Kystverket - Einar Vik Arset

22. november 2021

Forefrag av Direktør i Kystverket - Einar Vik Arset

Kystverket Direktør Einar Vik Arset heldt eit gjevande og interessant foredrag om
Kystverket sitt arbeid og planar for framtida.

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...