Gir du et bidrag på 100 kroner så gir Bill Gates Foundation 200kr ekstra, slik at du totalt faktisk bidrar med 300kr! - GI DITT BIDRAG PÅ VIPPS NUMMER 562340
Poliomyelitis, eller polio, er ein sjukdom som lammar og drep born.
Polioviruset invaderer nervesystemet og kan gjere at barnet vert heilt
paralysert på få timar. Menneske i alle aldrar kan få polio, men primært råkar
sjukdommen born under fem år. Det finst ingen kur mot polio, men vi har effektive
vaksiner. Rotary har vore aktiv i å nedkjempe polio sidan 1978. I 1988 var det
350.000 tilfelle fordelt over 124 land, og 1000 nye born vart smitta kvar
einaste dag.
No er polio er utrydda i 99,9% av verda. Kun to land har no
smitte: Afghanistan og Pakistan. Dette er land Noreg har mykje kontakt med, og
smitta er difor kun ei flyreise unna. Du kan vere smitteberar utan å få
sjukdommen sjølv.
På verdas poliodag markerer Ulstein Rotaryklubb at kampen mot
polio enno ikkje er vunnen. Vi sel pins, delar ut foldarar og informasjon, og
tek imot pengegåver til kampen mot polio på Amfi Ulsteinvik mellom kl. 12 og
14.
Til no har Rotary samla inn meir enn 2,5 milliardar dollar til
kampen mot polio, og vi gir oss ikkje før kampen er vunnen. Med på laget har vi
store navn som Bill & Melinda Gates Foundation. For å vinne kampen må vi
vaksinere 430 millionar born og unge årleg, og vaksne må hugse å revaksinere
seg. Hugs at poliovaksinen varer kun i 10 år!
https://www.endpolio.org/
26. november 2022
Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande
14. november 2022
Denne kvelden var Ulstein Rotary samlet for å høre foredrag om rikets tilstand fra Oddbjørn Solheim og Hilde Sæter.
7. november 2022
Kjekk omvisning med Geir Sundal og Torgeir Helvik.
Store utbyggingsplanar og lærerik innføring i Rim Drive (Permanent magnet thrustere).
31. oktober 2022
Historisk besøk på Sunnmøre og til Ulstein Rotaryklubb sin åpning av Rotaryhagen
31. oktober 2022
CEO Olav Haug Vikebakk fortalde om imponerande utvikling og dyktige fagfolk.
17. oktober 2022
Medlemane var særs engasjert ,og vi hadde ein lærerik kveld der kommunikasjonsansvarlig Andrea Øien Sæverud presenterte Søre Sunnmøre Reinhaldsverk
15. oktober 2022
Krabbe og reker i paviliongen på Kari og Njål sitt paradis på Eiksund.