Forfattar Asle Geir Johansen og Magne Grimstad heldt eit fantastisk føredrag over temaet og boka «Kyrkja i Ulstein- eit ankerfeste i tida.» Det vart ein spennande og lærerik kveld.
«Kyrkja i Ulstein- eit ankerfeste i tida.» vart gitt ut i samband med 170-års jubileumet til Ulstein kyrkje (vigsla 13.mai 1849).
Historie, utvikling og «sentralisering» er interessante tema i boka. Magne og Asle Geir gav eit riss av handlinga, og valde så ut nokre viktige hendingar i historia som dei gjekk djupare inn i.
Dette er ei bok som skildrar historia svært godt, ei bok det er verdt å lese.
Klikk på bildet under for å sjå den flotte bakgrunns presentasjonen som Magne viste, med fleire av dei fantastiske bilda tatt av fotograf Cecilie Hatløy som dekorerer boka, samt historiske tilbakeblikk.
Merk at presentasjonen er delt i 4, klikk på link i del 1 for å komme til del 2 etc.. (fungerer best på PC)
Referat: Eldrid Anne Vik (Sekretær) / Web: Stig Ole Borgundvåg
3. oktober 2022
19 spente medlemmer møtte for å få omvisning i Ulstein kommune sin nye brannstasjon. Brannsjef Olav Helt Brubakk var den som tok oss imot og ønskte oss velkommen
29. september 2022
Klubbmedlem og kommunedirektør på Hareid, Ragnhild Velsvik Berge viste oss rundt i bygget.
18. september 2022
Lidun Hareide og Synnøve Riise har vore på distriktsguvernørskule og Rotary Action Summit på Island denne veka!
29. august 2022
Ulstein Rotary hadde eit oppløftande møte med Gunhild Aalstad (Distriksguvernør 2022/2023).
22. august 2022
Orientering om komitesammensetning, med etterfølgende god prat og diskusjoner rundt bordet.
15. august 2022
President Arnfinn Godø holdt orienteringsmøte vedr. planene for det nye Rotaryåret.
20. juni 2022
President Thor Martin Eidem overlet roret til Innkomande President Arnfinn Godø
30. mai 2022
Denne kvelden fekk Ulstein Rotaryklubb besøk av Brian Tsuyoshi Takeda, grunnleggjar og administrerande direktør i det globale selskapet Urchinomics, som har hovudkontor i Ulsteinvik.