Rotarymedlemmet Kjell Olav Kleppe heldt eit spennande og interessant føredrag. Her sammen med president i Ulstein Rotaryklubb - Lidun Hareide.
Kjell Olav fortalde om oppvekst, utdanning, yrkeskarriere, interesser,
og krydra det med historier. Kjell Olav Kleppe er frå Kleppane i Leikong. Han
har brei utdanning og brei yrkeserfaring.
Han utdanna seg først til maskiningeniør ved Ingeniørhøgskulen i
Ålesund. Så har han teke bedriftsøkonomi, har maskinistutdanning frå forsvarets
maskinistskule, og har utdanning m.a. innan sal, leiing, eksport, kyst- og fritidsbåtskipper, og grunnleggjande sikkerheitskurs for sjøfolk
og passasjer og krisehandtering.
Han har vore ferievikar hos Myklebust verft (79-81), Odim
(designingeniør), Ulstein trading 81-85, prosjektleiar/utviklar), Ulstein
propeller (85-88 designingeniør/produktutviklar), (90-93, prosjektleiar/ kontraktsavdeling,)
(93-99 områdesalssjef Nord-Amerika, Spania, Portugal, Brasil), Bergen rørhandel(
salsingeniør/prosjektleiar 88-90) , Rolls Royce Marine (99-07, General Sales
Manager Offshore Propulsion) Man Diesel
& Turbo (07-10 Senior Manager Offshore Business Development/kontor i
Ålesund), ABB AS (10-12, General Sales
Manager marine, 12-16, Key Account Manager OSV/OCV, hovudansvar), ABB 16-17,
Sales Manager.)
Etter han vart pensjonisti2018 har han drive som
sjølvstendig konsulent, vore med i eit team som har jobba med helikopterhavari,
og kanskje funne løysingar, køyrt ribb-båtar m.m.
Fritidsaktivitetar/hobbyar
3 barnebarn, båt/fiske, hytte i Stryn – fjellturar/skiturar, skogsrydding etter orkanen Dagmar, jakt på
hjort/rein, jula 2017 tur Himalaya med sonen, opp til basecamp over 5000 m over
havet)
Oppsummering:
Kleppe har hatt 12 jobbar, 11 bilar, 8 båtar, 4 traktorar, dei
fleste av jobbane i Ulstein og ABB. Men, berre ei kone, og dei har vore
gifte i 40 år. Gratulerer!!
Lidun informerte også om at Ulstein Rotary har blitt bedt om å bidra inn i rulleringa av levekårsplanen for Ulstein kommune. Her kan vi som organisasjon spele inn både kva som fungerer godt, og kva vi tenkjer bør verte betre. Dette vert også teke opp på kaffimøtet.
Fullt referat her: Link
Referat: Eldrid Anne Vik (Sekretær) / Foto:Jan Einar Saunes / Web: Stig Ole Borgundvåg
26. november 2022
Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande
14. november 2022
Denne kvelden var Ulstein Rotary samlet for å høre foredrag om rikets tilstand fra Oddbjørn Solheim og Hilde Sæter.
7. november 2022
Kjekk omvisning med Geir Sundal og Torgeir Helvik.
Store utbyggingsplanar og lærerik innføring i Rim Drive (Permanent magnet thrustere).
31. oktober 2022
Historisk besøk på Sunnmøre og til Ulstein Rotaryklubb sin åpning av Rotaryhagen
31. oktober 2022
CEO Olav Haug Vikebakk fortalde om imponerande utvikling og dyktige fagfolk.
17. oktober 2022
Medlemane var særs engasjert ,og vi hadde ein lærerik kveld der kommunikasjonsansvarlig Andrea Øien Sæverud presenterte Søre Sunnmøre Reinhaldsverk
15. oktober 2022
Krabbe og reker i paviliongen på Kari og Njål sitt paradis på Eiksund.