Web Analytics Made Easy - StatCounter

Kjell Olav Kleppe - « SJØLVPRESENTASJON - EIT AKTIVT LIV»


Rotarymedlemmet Kjell Olav Kleppe heldt eit spennande og interessant føredrag. Her sammen med president i Ulstein Rotaryklubb - Lidun Hareide.

Kjell Olav fortalde om oppvekst, utdanning, yrkeskarriere, interesser, og krydra det med historier. Kjell Olav Kleppe er frå Kleppane i Leikong. Han har brei utdanning og brei yrkeserfaring.  Han utdanna seg først til maskiningeniør ved Ingeniørhøgskulen i Ålesund. Så har han teke bedriftsøkonomi, har maskinistutdanning frå forsvarets maskinistskule, og har utdanning m.a. innan sal, leiing, eksport,  kyst- og fritidsbåtskipper,  og grunnleggjande sikkerheitskurs for sjøfolk og passasjer og krisehandtering.

Han har vore ferievikar hos Myklebust verft (79-81), Odim (designingeniør), Ulstein trading 81-85, prosjektleiar/utviklar), Ulstein propeller (85-88 designingeniør/produktutviklar), (90-93, prosjektleiar/ kontraktsavdeling,) (93-99 områdesalssjef Nord-Amerika, Spania, Portugal, Brasil), Bergen rørhandel( salsingeniør/prosjektleiar 88-90) , Rolls Royce Marine (99-07, General Sales Manager Offshore Propulsion)  Man Diesel & Turbo (07-10 Senior Manager Offshore Business Development/kontor i Ålesund),  ABB AS (10-12, General Sales Manager marine, 12-16, Key Account Manager OSV/OCV, hovudansvar), ABB 16-17, Sales Manager.)

Etter han vart pensjonisti2018 har han drive som sjølvstendig konsulent, vore med i eit team som har jobba med helikopterhavari, og kanskje funne løysingar, køyrt ribb-båtar m.m.

Fritidsaktivitetar/hobbyar

3 barnebarn, båt/fiske, hytte i Stryn – fjellturar/skiturar,  skogsrydding etter orkanen Dagmar, jakt på hjort/rein, jula 2017 tur Himalaya med sonen, opp til basecamp over 5000 m over havet)

Oppsummering:

Kleppe har hatt 12 jobbar, 11 bilar, 8 båtar, 4 traktorar, dei fleste av jobbane i Ulstein og ABB. Men, berre ei kone, og dei har vore gifte i 40 år. Gratulerer!!


 

Øvrig:

President Lidun Hareide informerte om «Poliodagen» 24.10. og opplegget som må verte annleis i år på grunn av coronaen. Ho lurte på om det kan vere aktuelt å kjøpe inn pins og selje. Poliodagen må også få oppslag i media.  Det vart lite respons, kom litt brått, så saka vert teken opp på kaffimøte 28.09.

Lidun informerte også om at Ulstein Rotary har blitt bedt om å bidra inn i rulleringa av levekårsplanen for Ulstein kommune. Her kan vi som organisasjon spele inn både kva som fungerer godt, og kva vi tenkjer bør verte betre. Dette vert også teke opp på kaffimøtet.

Fullt referat her: Link

Referat: Eldrid Anne Vik (Sekretær) / Foto:Jan Einar Saunes Web: Stig Ole Borgundvåg


 
Charterfesten 26 April 1963

26. april 1963

Charterfesten 26 April 1963

Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...