Guvernørbesøk

Styret i Ulstein Rotary hadde møte med DG kl 18 - 19. Lidun presenterte klubben sine mål og tiltak
med ein ppp, der ho greidde ut om om dei ulike tiltaka og måla. Ein god
presentasjon av Lidun. DG hadde nokre spørsmål, kommentarar, med alt i alt
syntest han det var bra.
KL 20 skulle det vere fellesmøte for alle, så vi hadde 1
time til disposisjon, der styremedlemmene hadde felles middag, spandert av Rotary. Det var
ei kjekk stund. Kjekt å kunne sitje i lag og prate.
På fellesmøtet presenterte distriktsguvernør Roald Fiksdal ein del viktige punkt:
Medlemsrekruttering:
- Distriktet jobbar med å utarbeide ein sams velkomstpakke for nye medlemmer i von om dette vil gjere det meir attraktivt/informativt å verte medlem
- Eit forslag til rekruttering kan vere å invitere partnarar/ledsagarar til personar som allereie er medlemmer i klubben
- Distriktets målsetjing er ein andel med 30% kvinnlege medlemmer.
- Ta gjerne temperaturen i alle grupperingar i klubben (kvinner, over/under 50, yrkesaktive og pensjonistar) for innspel om kva som skal til for å engasjere
- Fadderordninga må på plass for å sikre at nye medlemmer ikkje fell frå
- Eit alternativ til å dele ut Paul Harris til medlemmer, kan godt vere å lage ein tradisjon med utdeling av Årets rotanianar -nål, den som Otto Kjetil og Bjørn Nytun fekk for sin innsats på gapahukane
- Her må vi søkje pengar til prosjekta våre
- Denne samlinga er utsett til 08.-09.2020









2. juni 2014
På besøk hos Hareid Rotaryklubb
Ulstein Rotary på besøk og servering hos Hareid Rotary då vi fekk sjå på deira flotte prosjekt: "Rotarystien".
Video: Jan Einar Saunes
28. juni 2010
Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet
Foto: Njål Vikanes
Video: Jan Einar Saunes
26. april 1963
Charterfesten 26 April 1963
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963