I dag var tidlegare forskar og noverande tarebonde Annelise
Chapman på besøk hos Ulstein Rotary for å fortelje om verksemda si. Chapman er
både grunder og dagleg leiar av selskapet som dyrkar tare i sjøanlegg i Herøy v/Røyrasundet.
Chapman har bakgrunn som marinbiolog frå Tyskland, Storbritannia og Canada, og kom først til
Noreg i 2008. Ho har jobba med kystøkologi og vassmiljø, først på Runde
Miljøsenter og seinare i Møreforsking. Tang og tare har opptatt henne fagleg i
mange år, og ho vart inspirert til å verte tarebonde sjølv etter å ha leia eit
internasjonalt forskingsprosjekt på tare som mat og for.
Chapman vil dele erfaringar frå reisa som grunder i ei
næring som er heilt i startfasen, men som har eit stort potensiale for
berekraftig akvakultur.
I tillegg til føredraget, var det smaksprøver frå i havet.
Annelise orienterte om TANGO Seaweed sin oppstart i 2016 med
grunderar, eigarar og tilsette og drift, produksjonssyklus og gjennomført
produktutvikling. Dei har 2 dyrkingskonsesjonar i Herøy.
Algar, makroalgar er sentrale i produksjonen.
Bruksområde for makroalgar: mat, medisin, alginat, for til
fisk og landdyr, gjødsel, kosmetikk og energiproduksjon (biodrivstoff)
Sunn mat: rik på mineralar, salterstatnning, vitaminar A, B,
C, D, lipider, fiberrik, mange antioksidantar
Potensialet ligg i mangfaldet, havbruk, makroalgar, tang og
tare. Samanliknar med landbruk, mangfald
«Den grøne marknaden» i Tyskland er spesielt interessert i
dette.
Bruke innovative konsumentprodukt som døropnar og
kommunikasjonsverktøy
Kommunikasjon, formidling og kurs, viktige faktorar for å få
selgje produkta
Berekraft og klima – ei reise, mat som er sunt for både
menneske og klima.
Det er også utfordringar, sjukdom, tap av genetisk mangfold, god vasskvalitet, beslagleggje sjøareal m.m. Korleis få mangfold i næringa, få mindre utslepp. Dette er tema det vert jobba med.
Eit
spennande føredrag om eit spennande tema. Og mange spennande smakar!
Heimesida til Tango Seaweed: https://www.tangoseaweed.no/
Referat: Eldrid Anne Vik (Sekretær) / Foto:Jan Einar Saunes / Web: Stig Ole Borgundvåg
3. oktober 2022
19 spente medlemmer møtte for å få omvisning i Ulstein kommune sin nye brannstasjon. Brannsjef Olav Helt Brubakk var den som tok oss imot og ønskte oss velkommen
29. september 2022
Klubbmedlem og kommunedirektør på Hareid, Ragnhild Velsvik Berge viste oss rundt i bygget.
18. september 2022
Lidun Hareide og Synnøve Riise har vore på distriktsguvernørskule og Rotary Action Summit på Island denne veka!
29. august 2022
Ulstein Rotary hadde eit oppløftande møte med Gunhild Aalstad (Distriksguvernør 2022/2023).
22. august 2022
Orientering om komitesammensetning, med etterfølgende god prat og diskusjoner rundt bordet.
15. august 2022
President Arnfinn Godø holdt orienteringsmøte vedr. planene for det nye Rotaryåret.
20. juni 2022
President Thor Martin Eidem overlet roret til Innkomande President Arnfinn Godø
30. mai 2022
Denne kvelden fekk Ulstein Rotaryklubb besøk av Brian Tsuyoshi Takeda, grunnleggjar og administrerande direktør i det globale selskapet Urchinomics, som har hovudkontor i Ulsteinvik.