Web Analytics Made Easy - StatCounter

TANGO Seaweed v/Annelise Chapman

I dag var tidlegare forskar og noverande tarebonde Annelise Chapman på besøk hos Ulstein Rotary for å fortelje om verksemda si. Chapman er både grunder og dagleg leiar av selskapet som dyrkar tare i sjøanlegg i Herøy v/Røyrasundet.

Chapman har bakgrunn som marinbiolog frå Tyskland,  Storbritannia og Canada, og kom først til Noreg i 2008. Ho har jobba med kystøkologi og vassmiljø, først på Runde Miljøsenter og seinare i Møreforsking. Tang og tare har opptatt henne fagleg i mange år, og ho vart inspirert til å verte tarebonde sjølv etter å ha leia eit internasjonalt forskingsprosjekt på tare som mat og for.

Chapman vil dele erfaringar frå reisa som grunder i ei næring som er heilt i startfasen, men som har eit stort potensiale for berekraftig akvakultur.

I tillegg til føredraget, var det smaksprøver frå  i havet. 

«Mer enn fisk i havet – sunne og næringsrike matprodukt fra den blåe åkeren»

Annelise orienterte om TANGO Seaweed sin oppstart i 2016 med grunderar, eigarar og tilsette og drift, produksjonssyklus og gjennomført produktutvikling. Dei har 2 dyrkingskonsesjonar i Herøy.

Algar, makroalgar er sentrale i produksjonen.

Bruksområde for makroalgar: mat, medisin, alginat, for til fisk og landdyr, gjødsel, kosmetikk og energiproduksjon (biodrivstoff)

Sunn mat: rik på mineralar, salterstatnning, vitaminar A, B, C, D, lipider, fiberrik, mange antioksidantar

Potensialet ligg i mangfaldet, havbruk, makroalgar, tang og tare. Samanliknar med landbruk, mangfald

«Den grøne marknaden» i Tyskland er spesielt interessert i dette.

Bruke innovative konsumentprodukt som døropnar og kommunikasjonsverktøy

Kommunikasjon, formidling og kurs, viktige faktorar for å få selgje produkta

Berekraft og klima – ei reise, mat som er sunt for både menneske og klima.

Det er også utfordringar, sjukdom, tap av genetisk mangfold, god vasskvalitet, beslagleggje sjøareal m.m. Korleis få mangfold i næringa, få mindre utslepp. Dette er tema det vert jobba med.

Eit spennande føredrag om eit spennande tema. Og mange spennande smakar!

Heimesida til Tango Seaweed: https://www.tangoseaweed.no/















Referat: Eldrid Anne Vik (Sekretær) / Foto:Jan Einar Saunes Web: Stig Ole Borgundvåg


 
Charterfesten 26 April 1963

26. april 1963

Charterfesten 26 April 1963

Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...