Web Analytics Made Easy - StatCounter

Presidentskifte


President Bjørn Gunnar Tafjord overrekker kjedet til Lidun Hareide - Vår nye president for Rotaryåret 2020/2021

 

Årets presidentskifte skulle feirast med god middag og foredrag på Skotholmen i Herøy, slik vi har snakka om i snart eit år. Då alle stod samla til avgang utanfor Quality Ulstein Hotel, kom imidlertid meldinga om at vegen var stengt ved Garneskrysset, og at omkøyringsvegen over Gamleeidet også var stengt. 

Gode råd var dyre, og etter litt hektisk aktivitet fekk avtroppande president Bjørn Gunnar Tafjord hyrt inn Hindholmen til å frakte oss ut til Skotholmen, og kjøpt inn bollar og brus så vi ikkje skulle svelte i hel på turen. Det vart ein nydelig båttur ut gjennom Ulsteinleia og gjennom Søre Vaulen til Sævika og Skotholmen.





På Skotholmen stod ein av eigarane, Arthur Almestad, klar og tok imot trossa, før han geleida oss inn til eit foredrag om den eldre og nyare historia til Skotholmen. Det har budd folk på Skotholmen sidan 1500-talet, og holmen har både vore husmannsplass og hatt handelsprivilegium. I 2009 tok dei noverande eigarane over, restaurerte eine sjøbua og rydda resten. Du kan lese meir om historia til Skotholmen her: https://www.skotholmen.no/omoss/

Les gjerne også saken NRK laget om Arthur og Skotholmen i 2016: Nytt liv til gammelt handelsted 


Magnar Hjertenæs viste så fram si unike samling av gamle foto som bestefaren hans tok frå tidleg på 1900-talet og utover til etter krigen. Bileta held ein imponerande både teknisk og kunstnarisk kvalitet, og ber vitnesbyrd om eit fiskarbondesamfunn som no er borte. Du kan lese meir om Magnar og fotosamlinga her  https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling/unik-fotosamling-mellom-permar


Vi har hatt eit imponerande tilfang av nye medlemmer dette året. To av desse, Ingunn Røyset og Arnfinn Godø,  møtte opp på Skotholmen, og fekk utdelt Rotarynåla. Vi er glade for å ha dei med i klubben vår.


Sjølve presidentsskiftet stod for tur. Avtroppande president Bjørn Gunnar Tafjord overrekte Rotary-kjedet til påtroppande Lidun Hareide, medan Lidun overrekte blomar til Bjørn Gunnar og takka han for innsatsen i året som gjekk.


Endeleg var det klart for matservering, og Skotholmen sin signaturrett; krabbesuppe med reker, fenikkel og ramsløk vart fortært med andakt med ein tilhøyrande nydelig rosévin og fantastisk focaccia. Til dessert fekk vi sjokoladefondant med jordbær og kaffi.

 Etter ein lang og innhaldsrik kveld tok vi farvel med Skotholmen, vel vitande at her kan vi lett kome tilbake. Damene fekk haike med Arthur Almestad inn til hotellkaia i Fosnavåg, der Ragnhild hadde bil ståande, medan karane hoppa om bord i Hindholmen og tøffa seg heim i solnedgangen. Og alle var samde om at det hadde vore ein heilt fantastisk tur! 

 


 
Årsmøte 2017

11. desember 2017

Årsmøte 2017

Årsmøte med President Synnøve Riise som orienterte om 2017/18
Blomar og sjokolade til Styret som takk for innsatsen.
Past President Otto Kjetil Nytun orienterte om året 2016/17

Bedriftbesøk til Kleven Verft / Omvisning Mærsk Mover

4. desember 2017

Bedriftbesøk til Kleven Verft / Omvisning Mærsk Mover

Bedriftbesøk til Kleven Verft sammen med Sula RK.
Ellen Kvalsund og Oddvar Pedersen orienterte om Hurtigruten sine ekspedisjonsskip.
Mærsk Site Manager Simon Wisthus presenterte rederiet og skipet Mærsk Mover med flott omvising ombord.

Åpning av Bugardshuken

3. desember 2017

Åpning av Bugardshuken

En flott adventstund på Bugardsmyrane første søndag i advent – med fyring i bålpannene, koking av kakao og julegraut.
Nissen kom også på besøk!

ULSTEIN ARENA

27. november 2017

ULSTEIN ARENA

Fantastisk bygg og lærerik omvising av Rune Urke.
Dette vart ei imponerande bestestove med mange flotte løysingar.
President Synnøve Riise takka Rune for guidinga.
Ho ynskte og velkomen Hilde Maria Nicolaisen som nytt medlem på prøve.

Klippfiskaften

13. november 2017

Klippfiskaften

Presentasjon av Klippfiskboka med Bjørn Gunnar Tafjord og fotograf
Gunnar Wiik. Fantastiske klippfiskretter laga av Tiago Lopez frå
Klippfiskakademiet.

Den gode samtalen!

6. november 2017

Den gode samtalen!

Margit Lovise Holte holdt eit glimrende foredrag om den gode samtalen frå Sokrates til vår tid.
Medlemmer med følge fekk mange gode innspel om korleis vi kan kommunisere betre med våre medmenneske.

Yrkesforedrag: Lillian Kleven Breivik - Sparebank 1

30. oktober 2017

Yrkesforedrag: Lillian Kleven Breivik - Sparebank 1

Lærerikt om barndom og utdanning.
Orienterte om Sparebank 1 og fremtiden for bankene i Norge.

Krabbefest i naustet til Halbjørn.

20. oktober 2017

Krabbefest i naustet til Halbjørn.

Topp innsats av festkomiteen.
Opptak av nytt medlem Ragnhild Velsvik Berge - rådmann i Hareid.

Besøk fra Guvernør Wictor Sandvold

9. oktober 2017

Besøk fra Guvernør Wictor Sandvold

Fellesmøte med Herøy Rotaryklubb.
God mat og hyggelig omtale av Ulstein Rotaryklubb!
Årets slogan er: ROTARY MAKING A DIFFERENCE

Dugnad Bugardshuken

7. oktober 2017

Dugnad Bugardshuken

Tette veggar og god stemning på dugnaden.
Kjekke kara frå Kompetansesenteret hjelpte og til.
President Synnøve Riise serverte kaffi og kaker som vi kosa oss med.

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...