Ulstein Næringsforum vart skipa 27.05.19 som ei utviding/fornying av Ulstein Næringslag.
Styreleiar er Steinar Kulen, og dagleg leiar er Daniel Garden.
Ulstein Næringsforum er ei foreining for næringslivet i Ulstein kommune som skal fremje Ulstein som eit regionsenter for næringsliv, reiseliv og handelsstand.
UNF er eigd av ca 110 bedrifter i Ulstein kommune, som omfattar om lag 3.400 tilsette og ei omsetning på 8.4 mrd kroner.
Daniel fortalde om sin tidligare karriere, kor han kom frå stillinga som Business Development Director Marine i det store franske konsernet Saint-Gobain, og korleis den spanande jobben i Ulstein Næringsforum lokka han til et liv med mindre reising.
Ulstein kommune er som et Noreg i miniatyr - Noreg er svært avhengig av Naturressurser - Mens Ulstein kommune er svært avhengig av den maritime industrien - spesifikt skipsbygging, og leverandører inn mot verft og rederi. Samtidig har Ulstein Kommune blitt mindre avhengig av denne industrien en for nåkre år tilbake - noko som antall bedrifter som er medlem av Ulstein Næringsforum gjenspeiler.
Etter gullåra i offshore 2013/2014 har den maritime industrien gått gjennom store endringar, og Cruise/Ferge er no like viktig som offshore tidligere var. Det gjer også at dei norske bedriftene ikkje lenger nødvendigvis er verdensleiande på det alt vi holder på med, og det er derfor meir en nokon gong nødvendig med samhandling og opplæring mellom bedrifter og yrkesgrupper i klyngen.
Daniel snakka varmt om kompetansen og styrka som ligg i bedriftene i Ulstein kommune, og trakk fram det nye Skaparhuset som om få måneder skal åpne i dei gamle lokala til ÆRA - som eksempel på kva som er mulig å få til i samspel mellom kommune, fylkeskommune og bedrifter.
Les meir om Ulstein Næringforum, og pågåande prosjekt på Ulstein Næringsforum sin heimeside
Andre relevante linker:
26. november 2022
Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande
14. november 2022
Denne kvelden var Ulstein Rotary samlet for å høre foredrag om rikets tilstand fra Oddbjørn Solheim og Hilde Sæter.
7. november 2022
Kjekk omvisning med Geir Sundal og Torgeir Helvik.
Store utbyggingsplanar og lærerik innføring i Rim Drive (Permanent magnet thrustere).
31. oktober 2022
Historisk besøk på Sunnmøre og til Ulstein Rotaryklubb sin åpning av Rotaryhagen
31. oktober 2022
CEO Olav Haug Vikebakk fortalde om imponerande utvikling og dyktige fagfolk.
17. oktober 2022
Medlemane var særs engasjert ,og vi hadde ein lærerik kveld der kommunikasjonsansvarlig Andrea Øien Sæverud presenterte Søre Sunnmøre Reinhaldsverk
15. oktober 2022
Krabbe og reker i paviliongen på Kari og Njål sitt paradis på Eiksund.