Web Analytics Made Easy - StatCounter

Ulstein Næringsforum


President i Ulstein Rotaryklubb ovverrekker blomster til Dagleg leiar i Ulstein Næringsforum Daniel Garden som takk for en flott presentasjon av Ulstein Næringsforum.

Ulstein Næringsforum vart skipa 27.05.19 som ei utviding/fornying av Ulstein Næringslag. 

Styreleiar er Steinar Kulen, og dagleg leiar er Daniel Garden. 
Ulstein Næringsforum er ei foreining for næringslivet i Ulstein kommune som skal fremje Ulstein som eit regionsenter for næringsliv, reiseliv og handelsstand.

UNF er eigd av ca 110 bedrifter i Ulstein kommune, som omfattar om lag 3.400 tilsette og ei omsetning på 8.4 mrd kroner.

Daniel fortalde om sin tidligare karriere, kor han kom frå stillinga som Business Development Director Marine i det store franske konsernet Saint-Gobain, og korleis den spanande jobben i Ulstein Næringsforum lokka han til et liv med mindre reising.

Ulstein kommune er som et Noreg i miniatyr - Noreg er svært avhengig av Naturressurser - Mens Ulstein kommune er svært avhengig av den maritime industrien - spesifikt skipsbygging, og leverandører inn mot verft og rederi. Samtidig har Ulstein Kommune blitt mindre avhengig av denne industrien en for nåkre år tilbake - noko som antall bedrifter som er medlem av Ulstein Næringsforum gjenspeiler.

Etter gullåra i offshore 2013/2014 har den maritime industrien gått gjennom store endringar, og Cruise/Ferge er no like viktig som offshore tidligere var. Det gjer også at dei norske bedriftene ikkje lenger nødvendigvis er verdensleiande på det alt vi holder på med, og det er derfor meir en nokon gong nødvendig med samhandling og opplæring mellom bedrifter og yrkesgrupper i klyngen.

Daniel snakka varmt om kompetansen og styrka som ligg i bedriftene i Ulstein kommune, og trakk fram det nye Skaparhuset som om få måneder skal åpne i dei gamle lokala til ÆRA - som eksempel på kva som er mulig å få til i samspel mellom kommune, fylkeskommune og bedrifter.

Les meir om Ulstein Næringforum, og pågåande prosjekt på  Ulstein Næringsforum sin heimeside








 
Lisjevanthuken er ferdig! :)

10. september 2018

Lisjevanthuken er ferdig! :)

Lisjevatnhuken ferdig i kveld rett før vi mørkna ute. Bord, benkar og steingolv vart fint.
Topp arbeidslyst med god kaffi og vafler til.

Dugnad Lisjevatnhuken!

3. september 2018

Dugnad Lisjevatnhuken!

Lisjevatnhuken dugnad i kveld med legging av heller.
God kaffi og kaker fra Turid og Voitto.

Foredrag med Gerd Vik Flø

27. august 2018

Foredrag med Gerd Vik Flø

Foredrag med Gerd Vik Flø om barneheimen Suwalkis Venner og overrekking av overskot frå lotteriet forrige møte.

Då er vi klare til å starte opp Rotaryåret 2018/2019

20. august 2018

Då er vi klare til å starte opp Rotaryåret 2018/2019

Inviterer til kaffimøte måndag 20.08.18 kl. 19:00-20:00 på Quality Ulstein Hotell.
Program:
Deling av gode ferieminner
Forventingar til det nye året
Vinlotteri til inntekt for Suvalkis Venner.

Nok ein vellukka dugnad ved Lisjevatnhuken

3. juli 2018

Nok ein vellukka dugnad ved Lisjevatnhuken

Nok ein vellukka dugnad med beising, ny takrenne, møbelmontering og hellesanking. I matpausa vanka det nybakt kveitekringle a la Gro Brandal!

Presidentskifte!

25. juni 2018

Presidentskifte!

Då takkar president 2017/2018 -Synnøve Riise - for eit kjekt og berikande Rotary år og overlet stafettpinnen til Finn-Ove Kvalsvik. Lykke til!

Fast monterte benkar med bord på Bugardshuken!

18. juni 2018

Fast monterte benkar med bord på Bugardshuken!

Fast monterte benkar med bord.
God stemning i dugnadsgjengen og President Synnøve serverte kaffi med gode wienerbrød.

Gapahuk Lisjevatnet ferdig og riggar fint.

11. juni 2018

Gapahuk Lisjevatnet ferdig og riggar fint.

Gapahuk Lisjevatnet ferdig og riggar fint. Dugnad på benkar og steinlegging står att.
Dette vart flott og gav god livd for nordavinden.
Høg motivasjon og god stemning i Dugnadsgjengen.

Dugnad på Lisjevatnhuken i kveldsol og frisk nordavind.

4. juni 2018

Dugnad på Lisjevatnhuken i kveldsol og frisk nordavind.

Idar Overvåg hjalp til på dugnaden som representant fra Skeide Grunneigarlag.
Dette byrjar å rigge pent i landskapet.

Det ble servert god kaffi med kaker, som seg hør og bør!

Dugnad på Lisjevatnhuken i kveld.

28. mai 2018

Dugnad på Lisjevatnhuken i kveld.

Godt arbeid med kaker og kaffi.
Nydelig ver og god stemning.

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...