Bruk 3 sekunder på å si: JEG ER ORGANDONOR
 Det vart ein sterk kveld i Hareidhallen då Hege Lundin Kuhle, dagleg leiar i Stiftinga Organdonasjon i Oslo og hjartetransplanterte Vinjar Vikanes frå Ulstein orienterte om kvifor organdonasjon er så viktig.
Det vart ein sterk kveld i Hareidhallen då Hege Lundin Kuhle, dagleg leiar i Stiftinga Organdonasjon i Oslo og hjartetransplanterte Vinjar Vikanes frå Ulstein orienterte om kvifor organdonasjon er så viktig. 
Hege Lundin presentere stiftinga og arbeidet dei gjer.
I følgje Hege Lundin Kuhle det viktigaste ein gjer om ein ønskjer å bli organdonor, er å fortelje dette til si næraste familie. Ein treng ikkje registre seg nokon stad, så lenge familien veit, er dette nok.
Vnjar Vikanes fortalte gripande om oppveksten i ein familie der eldste bror døde av hjartesjukdom i konfirmasjonsalderen, og der ein onkel hadde døydd tidleg av same sjukdom. Så døydde faren av same sjukdommen, og Vinjar fekk konstatert at han også var alvorleg ramma. Så sjuk vart Vinjar at han og familien fekk melding om at dei måtte førebue seg på det verste, men då kom telefonen som endra alt: eit passande hjarte var funne. Vinjar fekk live ti gåve, og sjølv om han lever med mein av sjukdomen, er han lukkeleg for å få kunne følgje borna og borneborna sine vidare gjennom livet.
- Utan nytt hjarte hadde eg ikkje stått her i dag (Intervju med Vinjar Vikanes i Vikebladet Vestposten)
- Alle kan seie ja til organdonasjon (Intervju med Hege Lundin Kuhle - dagleg leiar i stiftinga Organdonasjon)
- Ope møte om organdonasjon (Link til sak i Vikebladet Vestposten i forkant av folkemøtet)
- Fortel pårørande at du vil bli organdonor (Link til sak i Vikebladet Vestposten i etterkant av folkemøtet)
- https://organdonasjon.no/
Bruk 3 sekunder du også på å si til dine nærmeste: JEG ER ORGANDONOR!
2. juni 2014
På besøk hos Hareid Rotaryklubb
                    Ulstein Rotary på besøk og servering hos Hareid Rotary då vi fekk sjå på deira flotte prosjekt: "Rotarystien".
Video: Jan Einar Saunes
                
28. juni 2010
Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet
                    Foto: Njål Vikanes
Video: Jan Einar Saunes
                
26. april 1963
Charterfesten 26 April 1963
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963
